«Folk og næringsliv har venta lenge på ny veg»

Dette innlegget er skrive av Svein Hansen, Stadlandet.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette innlegget er skrive av Svein Hansen, Stadlandet.

F.V. 620 Kjøde – Sandvik

Eg viser her til intensjonsavtalen for nye Eid/Selje kommune. Dette vart/er ein realitet, Stad kommune.

Under punkt 10. Samfunns- og næringsutvikling, nokre sitat:

  • «Vi føreset at fylke og stat vil samarbeide med den nye kommunen og næringslivet for å realisere betre kommunikasjonar som legg til rette for vekst i den nye kommunen.»
  • «med Fv 620 Årsheimstranda som felles fyrsteprioritet»
  • «Kommunen vil arbeide for fleirbrukshamn på Leikanger og industrietablering som følgjer av bruk av massar frå tunnelen.»

No kjem Stad skipstunnel. Politikarar lokalt og på fylket må no kjenne si besøkstid og samarbeide om at dette vegstykket blir ein realitet.

Billigare veg kan vi ikkje få. I staden for at massar på Kjøde-sida er eit «problem» kan dei no nyttast til eit godt samfunnsmessig prosjekt. Dette vil betre infrastrukturen og skape endå meir utvikling på nordsida både for dei etablerte bedriftene, men også for nye som vil etablere seg på dei nye næringsareala som kjem.

Tunnelmassane, og dei blir det mykje av, kan køyrast direkte til vegprosjektet. Ved å la mykje av vegen følge den gamle vegtraseen og ved at ein kan legge/prosjektere den på fylling vil det bli stor framdrift i vegprosjektet, og dermed reduserte kostnader, og vegen vil i ettertid bli lett å halde ved like til alle årstider.

Folket og næringslivet på Stadlandet har venta lenge på ny veg. No har vi sjansen til å skape enda meir utvikling og enda meir tru på framtida som vil gje auka tilflytting. Dette vil igjen gi positive ringverknader for Stad kommune.

Lukke til med arbeidet.