«Er nedleggingar av skular bærekraftig? Tryggleik for skulen vil gi folketalsvekst – også i Kinn »

Arbeid med algebra på 5.-7. trinn i montessoriskulen.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av montesorripedagog Eli Thyvold.

Tryggleik for skulen vil gi folketalsvekst – også i Kinn

Du ser det skje rundt om i heile landet. Den eine distriktsskulen etter den andre blir lagt ned med grunngjeving om at kommunen skal spare pengar. I utgreiingane blir det, i tillegg til det som har med pengar å gjere, lagt vekt på at barnetalet er for lite og/eller minkande og at skuletilbodet ikkje er pedagogisk forsvarleg.

Som fugl Føniks frå oska

Mange stadar stig så friskular opp som ein slags fugl Føniks frå oska med fornya kraft og livsmot – og vips så aukar elevtalet plutseleg i skulen. Det same gjer folketalet i det same distriktet, som tidlegare hadde folketalsnedgang, ja kanskje også i enda større grad enn du skulle tru. Spør du folk som flytter til, eller tilbake dit om kva som er grunnen til det, får du eit ganske så opplagt svar; sidan vi no er trygge på at skulen vår vil bestå så tør vi å satse på og busetje oss her.

Vi som bur i grendene meiner at dette burde ha vore ei sjølvfølge også mens skulen var kommunal, men nei. Vi har aldri vore trygge på at skulen ville bestå. I Indre distrikt i gamle Flora har det vore snakk om nedlegging, nedlegging, nedlegging, annakvart år dei siste 30 åra, minst. For folk i området har dette skapt usikkerheit og motløyse, og fleire unge har dessverre flytta ut og vekk både frå bygda og frå kommunen. Vi kjenner til fleire tilfelle der ungdom i etableringsfasen har hatt eit ynskje om å bli buande, men har enda med å flytte frå kommunen, sidan alt har vore so usikkert.

For oss som bur her ser det ut som om det har vore ein slags forgjering, både hos administrasjonen som har foreslått dette gong etter gong, og hos mange av politikarane som skal ta avgjerda.

Det kjem stadig opp som ein del av budsjettarbeidet ved juletider: «Kor skal vi finne pengar no – til det eine og til det hitt?» Då slår det aldri feil: «Vi tek grendeskulane» seier dei og «vi må gjere det no med ein einaste gong, elles blir det for seint» Måten det vert gjort på er som om det skulle vere eit dårleg planlagt bakhaldsangrep, fullt av skitne triks, dessverre.

Mangfald i det pedagogiske tilbodet i Kinn?

Då Kinn kommune sist haust skulle gje uttale om etablering av ein montessoriskule i Florø by, vart det gjort vedtak med følgande ordlyd i kommunestyret:

«Kinn kommune er positiv til mangfald i det pedagogiske tilbodet i kommunen. Ei bredde i barnehage og skule kan, saman med andre faktorar som eit aktivt kulturliv, idrett og friluftsliv, vere avgjerande for dei som skal vurdere kvar dei skal busetje seg.»

Det som står vidare er at kommunen likevel ikkje ynskjer etablering av ein montessoriskule i kommunen, fordi dette også visstnok vil vere negativt for økonomien.

Det fell meg underleg at kommunestyret kan komme med slike positive ord om mangfald innleiingsvis i denne uttala, då de som er folkevalde i Kinn, verken vil ha distriktskuler eller eit pedagogisk alternativ lokalisert til sentrum. Då blir dette enda ein gong berre flosklar og tomme ord. For kva for mangfald vert det av å legge ned gode utkantskular, og kva for mangfald vert det av å vere motstandar av ein kraftfull friskule i Florø by?

I ein artikkel i Firdaposten i samband med godkjenninga av Montessoriskulen i Florø går det fram at ønsket om å etablere denne skulen nettopp var for å auke mangfaldet og å få tilflytting både til Florø by og til kommunen vår. Slik tilflytting skjer nemleg der slike friskular blir etablert. Folk vil gjerne ha eit anna og alternativt tilbod til barna sine, og fridom til å velje.

Som folkevalde er de altså, for gamle Floradelen av Kinn, berre for å ha eit mangfald beståande av ei handfull byskular og ein skule i provinsen i Eikefjord?

Florø by – stolt og kry

Initiativtakarane for montessoriskulen i Florø seier vidare at det offentlege skulesystemet ikkje er for alle, slik er det berre. Dette tyder jo på at det finst folk i Florø som enten må vere misnøgd med dei skulane som alt er i byen, eller som saknar det å kunne ha eit pedagogisk alternativ.

Dette burde vere eit klart signal, både til administrasjonen og til politikarane om at det er andre ting som burde engasjere dei meir enn å få lagt ned distriktskuler, og skjere ned på ressursar til resten av skulane.

Det kan umogleg vere sunt å stappe enda fleire barn inn i klasseromma i byen, for det skjer jo – og mykje vil ha meir. Etter at distriktsskulane er lagt ned, må store pengar til eit og hitt hentast frå nye kjelde, og da skal dei nok først hentast ved å legge ned ungdomstrinnet på skulen i provinsen i Eikefjord. Etter dette er gjort må det gjerast store innsparingar ved å slå saman skular i Florø by.

I den seinare tid har vi høyrt at det har auka på med åtferdsvanskar hos barn og unge, i tillegg til psykiske vanskar, skulevegring og mobbing. Born også i Floraskulen (Kinn) kjenner på utanforskap og tilkortkomming. Med enda fleire nedskjeringar i skulen kan man jo også undre seg på om barn med særlege behov vil få den hjelpa dei treng og har rett på.

Pågangen til barne- og ungdomspsykiatrien lokalt er no så stor at dei ikkje lenger klarer å ta unna. I tillegg til dette har legar ved seksjon for psykosomatiske tilstandar/sjukdommar og CL-barnepsykiatri i Oslo lenge komme med varsku om at skulen gjer barn sjuke og at nokon må seie frå om dette jf. Kronikk i Dagbladet 8.9.2017, sjå lenke til kronikken under.

Skular skal ikkje drivast etter New Public Management tenking.

Det er ikkje berre i Kinn dette skjer, det er slik over heile landet og dette må ein gong ta slutt. Det er på tide at vi får ein annan retning i dette landet. Når politikarane stadig legg opp til eit større testregime som elevane må trykkast igjennom, i staden for å tilføre dei pengane som trengst for å skape ein god og trygg skule, er det noko som er riv ruskande gale.

Skular skal ikkje drivast etter marknadsøkonomiske prinsipp og New Public Management tenking. Held vi fram på denne måten, så kan jo skular alltids drivast større og billigare, kostnaden pr. barn vil etter kvart nærme seg null, medan andre offentlege utgifter stig til himmels.

Sat på spissen kunne utgiftene til skulane sikkert blitt mykje billigare, ved å samle alle barna på aksen Florø – Førde på ein stor campus i Førde, saman med ungar frå Førde og omland ein time austover osb. Det er jo heller ikkje så veldig langt for små barn. Det vil jo berre ta ein time i skulekyss kvar veg og fylket betalar for skyssen så klart, så da vil det ikkje gå utover Kinn si lommebok.

Er nedlegging av skular og nedskjeringar elles i skulesektoren berekraftig?

Når våre folkevalde skal avgjere framtida til distriktsskulane må dei jo tenkje seg nøye om, omkring kva dei ynskjer for kommunen sin. Er nedleggingar av skular berekraftig? Går vi nærmare inn på kva omgrepet berekraft betyr, så er det jo dette å få dekka behova vi har i dag, utan å øydelegge våre barn sine moglegheiter til å få dekka sine.

Når folk skal vurdere kvar dei skal busetje seg er det nok barnehage og skuletilbodet folk tenkjer først på. Dette gjeld no enten dei vil busetje i byen eller på bygda.

Det er sant det som Åshild Kjeldsnes skreiv i sitt innlegg i Firdaposten om at: «Skulen er grunnpilaren i både by og bygd», men vert skulen i bygda lagt ned så har ikkje folk det same valet lenger om kor dei vil busette seg i framtida.

Er det dette du vil – du som er politikar, å ta vekk valet for framtidige generasjonar om kor dei vil busette seg?

Det blir dessverre verken auke i folketalet eller mykje mangfald av slikt.