«Ikkje la budsjettinnsparingane ramme dei yngste og dei eldste i kommunen vår!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Lenita B. Hatleseth, nestleiar i Flora Raudt.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Lenita B. Hatleseth, nestleiar i Flora Raudt.


Kjære Ola Teigen!

Skulenedleggelse har skapt stort engasjement i bygdene rundt oss, og spørsmålet er kvifor vil de legge ned skulane? Kvifor ta ifrå grendeungane skulane og det trygge sosiale samfunnet som dei er vande med og trygge på? Utsette dei for lengre reiseveg til og frå skule og gi foreldre enn meir usikker arbeidsdag?

Det er nemnt av deg at Florø no har berre 97 sjukeheimsplassar og at i 2025 vil behovet stige til 214 plassar. Du argumenterer for at det er viktigare å prioritere dei eldre i kommunen vår. Samtidig er det så mykje snakk om at det fødast for få born i Florø/Kinn. Men kven trur du, Ola, vil føde fleire born når tilboda våre som er attraktive for barnefamiliar stadig fell frå?

Med alle truslane om skulenedleggelsar både i grender rundt Florø/Kinn og ikkje minst har ein fugl kvittre meg i øyret og nemnt nedlegging av enten Krokane eller det som blir min lokalskule, Torvmyrane!

Det finst ikkje hald i dine argument i denne saka! Skulde på at vi treng ein stor fotballhall i Florø fordi vi ikkje har like mange kunstgrasbaner som i Førde er for meg rett og slett heilt bak mål. Kva skal vi med det? Vi i Florø er no betre i fotball enn Førde nokon gong vil bli likevel.

Eg som småbarnsmor har gått rundt her og trudd at Florø er ein by i vekst. Men statistikken visar noko anna. Eg er einig i at vi må prioritere dei eldre, men vi kan ikkje late ungane våre sine viktige tilbod måtte vike på grunn av dette, det blir heilt feil for framtida dersom målet er at denne byen skal leve vidare. Det er viktigare at de heller ser på kva andre plassar man kan innskrenke på budsjettet enn å ta frå både dei yngste og dei eldste i kommunen vår!