«Ja til rassikring og nei til Hordfast og store motorvegprosjekt»  

Dette lesarinnlegget er skrive av Hege Lothe, stortingskandidatat for SV i Sogn og Fjordane.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hege Lothe, stortingskandidatat for SV i Sogn og Fjordane.

Ja til rassikring og nei til Hordfast og store motorvegprosjekt

SV er ikkje særleg godt nøgde med framlegget til ny Nasjonal transportplan. Dei store pengane blir brukt til motorvegprosjekt i og rundt dei store byane og til gigantprosjekt som ferjefri E39. Dermed blir det mindre på rassikring og gul midtstripe.

Det har kome inn nokre få og viktige vegutbetringsprosjekt i NTP for Sogn og Fjordane. Likevel er det framleis slik at det er fleire vegar som skulle fått nødvendig rassikring, nødvendig utbetring av fylkesvegar og framleis fleire strekk på E39 burde fått gul midtstripe før store fjordkryssingsprosjekt.

Nasjonal rassikringsgruppe har synt fram eit behov på heile 70 mrd. kroner for å få rassikra kvardagsvegane våre. Det er eit stort etterslep av vedlikehald på fylkesvegane våre og mangel på gul midtstripe på riksvegane våre. Trass i at det er godt dokumentert og «alle» ser behovet, vert ikkje desse prosjekta prioritert høgt nok.
Lista på prosjekt som ikkje er med er lang: Til dømes rassikring på E39 gjennom Våtedalen, skredutsette partia på E39 Skjersura, E39 Bogstunnelen-Gaular grense, samt utbetring av punkt på strekninga E39 Byrkjelo-Sandane, ny tunell på riksveg 13 Vikafjellet som er den mest vinterstengte fjellovergangen i Sør Noreg, både grunna ras og vanskeleg vinterdrift, riksveg 13 Hella-Leikanger, riksveg 13 Esebotn, riksveg 15 Strynefjellet som ofte er stengd grunna rasfare, vanskeleg vinterdrift og må løysast med ny tunell grunna tunelltryggleiksforskrifta.

Lista med nødvendige vegprosjekt er endå mykje lenger, og då er det smått utruleg at regjeringa i ein slik situasjon vel å byrje å bruke pengar på utbygging av Hordfast. Eit prosjekt åleine kostnadsrekna til nær 38 mrd. kroner.