«Medieomtalen av NTP har ein tendens til berre å handle om veg, men den gjeld òg andre viktige samferdslesektorar. Ikkje minst kysten» 

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.

Sterk satsing på kystforvaltning og sjøtransport i NTP

Medieomtalen av NTP har ein tendens til å berre handle om veg, men den gjeld òg andre viktige samferdslesektorar. Ikkje minst gjeld det kystforvaltninga, kor ein konkurransedyktig, effektiv, sikker og miljøvennleg sjøtransport, med effektive hamner og transportkorridorar, står sentralt.

Kystverket er godt nøgd med å ha fått gjennomslag for sine prioriteringar NTP, og i følgje kystdirektør Einar Vik Arset inneheld den: «enkeltprosjekt med stor samfunnsnytte og har store nok overordna rammer til at vi kan fortsette satsinga innanfor sjøsikkerheit, teknologiutvikling og miljøberedskap til beste for sjøtransporten». Alt dette går fram av Kystverket sine nettsider.

Totalt er det sett av 33 milliardar kroner til Kystverket i NTP 2018–2029. Dette svarar til omlag 2,7 milliardar kvart år i planperioden. Dette er ein auke på nesten 1 milliard kroner per år, samanlikna med Kystverket sitt budsjett for 2021, sjølv når ein trekk i frå Stad skipstunnel.

Stad skipstunnel er ei svært stor investering i sjøtryggleik og framkomst, og er det største investeringsprosjektet for sjøtransport i Noreg nokon gang. Det er sett av 3,4 mrd til skipstunnelen i NTP. Som kjent er det eit enormt potensiale for vekst og verdiskaping i maritime næringar, havbruk og andre kystnæringar på Vestlandet i åra framover. Stad skipstunnel vil fjerne barrieren Stadhavet er i dag for å utvikle desse næringane, og gjer det mogleg med samanhengande, trygge ruter for gods og passasjerar på kysten av Vestlandet.

Men det er ikkje berre Stad skipstunnell det blir satsa på. I potten for prosjekt under 100 millionar, er det tatt med i alt 9 prosjekt i gamle Sogn og Fjordane. Av desse finn ein under kategorien «Utdjuping og navigasjonsobjekt» to lokale prosjekt i Måløy-området: «Skatestraumen-Fåfjorden-Vågsfjorden-Måløy sør» og «Ulvesundet».

I dag blir 90 prosent av samla importert og eksportert godsmengde frakta sjøvegen, og skadekostnader knytt til mellom anna forureining, ulykker og personskadar er små samanlikna med andre transportformer. Hovudfortrinnet ligg i frakt av store volum og tungt gods over lange avstandar, men ny kunnskap viser at òg at korte sjøtransporter kan vere attraktive når det er nærleik mellom hamn og næringsliv, og når logistikk-kjeda elles er effektiv.

Regjeringa ønskjer å gjere heile sjøtransporten meir attraktiv, og har derfor òg innarbeida ein nærskipsfarts-strategi og ein nasjonal hamneplan i NTP. Viktige tiltak i nærskipsfarts-strategien er mellom anna gjennomføring av farvasstiltak, ein moderne og tilpassa infrastruktur, god overvaking, trygg losing, tilskot til næringa og gjennomføring av grønt skipsfartsprogram. I hamneplanen blir det slått fast at ein desentralisert hamnestruktur er formålstenleg og må oppretthaldast.

Sogn og Fjordane har alle næringane Norge lever av nå og skal leve av i framtida: Olje og gassindustri, fiskeri og havbruk, maritim teknologi og grøn skipsfart, fornybar energi og energiforedling, mineral- og prosessindustri, landbruk og eit berekraftig reiseliv. Ein fellesnemner for å få til alt dette er ei god og moderne kystforvaltning og sjøtransport, noko NTP legg eit godt grunnlag for.