«Ein gjer klokt i å lytte til folk»

Erling Sande  Foto: Torunn Flatjord/Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Erling Sande, stortingskandidat for Senterpartiet, og er eit svar på Ola Teigen sitt innlegg Veit du kva du snakkar om, Erling Sande?.

Ein gjer klokt i å lytte til folk

Dei siste dagane har «styringskameratane» i Kinn, Ola Teigen (Ap) og Jacob Nødset (V), kritisert meg og Senterpartiet for å ville lytte på folkemeininga når det gjeld framtida til Kinn. Eg synes standpunktet til Sp er ganske greitt å forsvare.


Vil reversere Kinn om han kjem i posisjon til det

– Denne kommunesamanslåinga burde ikkje ha skjedd. Eg håpar vi får eit regjeringsskifte som gjer om denne tabben av høgreregjeringa

Senterpartiet sitt forslag til stortingsvalprogram for komande periode  er no klart i form av eit utkast som skal leggast fram for landsmøtet. Erling Sande og partiet er der tydelege på kva dei meiner om kommunesamanslåingar som dei meiner har kome til mot folket si vilje.


Ein kommune er til for folket som bur i den, ikkje omvendt. Den tvangssamanslåinga som kommunereforma førte med seg i fleire av dei nye kommunane, var Senterpartiet motstandar av. Vi meinte kommunesamanslåingar skulle basere seg på frivillighet, at ein berre skulle slå saman kommunane der folk ga støtte til prosessen. Det må gjerne både Venstre og Arbeiderpartiet vere usamde i – men eg trur Senterpartiet sitt standpunkt om å lytte til folk i desse spørsmåla har bidrege til at mange peikar mot Senterpartiet som motvekt til den sentraliseringa Høgreregjeringa har drive på dette og andre områder. Det er ikkje alltid ein opplever at alt blir betre berre det blir større. Senterpartiet ønskjer å vere motvekt til sentraliseringa. Vi ønskjer tenester nær folk.

I staden for å forsvare tvangssamanslåingar peikar Ola Teigen på kor mykje gale som kan skje dersom den nye kommunen skulle bli delt. Dei skremslene trur eg er sterkt overdrive. Kommunar har vore slege saman tidlegare, og i enkelte tilfelle også oppløyste. Det er det ingen dramatikk i. Verken tenestetilbod eller investeringar har blitt sett på vent i 4 år slik Teigen framstiller det. Kommunepolitikarane vil ha eit ansvar for innbyggarane sine uansett kvar kommunegrensene går – og eg har faktisk tru på at dei vil vere det ansvaret bevisst.

Ola Teigen peikar på at Kinn klarar seg godt, og peikar mellom anna på at kulturskulen i Kinn går bra i kommunen. Det er sjølvsagt positivt. Men ein treng ikkje lese mange aviser for å forstå at Kinn også har nokre store utfordringar. Om Kinn vert delt kan nok også dei to nye kommunane ha nokre utfordringar – men eg klarar ikkje å sjå at det skulle vere noko større utfordringar enn det kommunar flest har. Tvert om så vil begge desse kommunane vere større enn ei norsk gjennomsnittskommune.

Eg vil difor sende utfordringa tilbake til Teigen og Nødset. Kvifor er de så redde for å spørje folk om denne saka? Om folk er nøgde med Kinn kommune, vil dei vel stemme ja til framleis union både i nord og sør? – og då respekterer vi i Senterpartiet sjølvsagt det.