«Kinn kommune, reversere eller ei?»

  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torgunn E. Eikevik, kommunestyrerepresentant for Kinn Senterparti:

Kinn kommune, reversere eller ei?

Når ein skal argumentere for eller imot reversering av Kinn, så er det for meg vanskeleg å finne ut kvar eg skal byrje. Ofte vel eg å evaluere samanslåinga frå eit Florø-synspunkt, sidan det er her eg er oppvaksen og bur.

Kinn kommune er ein kommune med overforbruk. Ein ser tydeleg store økonomiske utfordringar i kommunen. No ser det ut som at desse utfordringane skal løysast med høg skattlegging i form av eigedomsskatt, og seinare kjem arbeidsgjevaravgifta på toppen. Med høgare eigedomsskatt på næring og bustadar enn det Stad og Sunnfjord har, så legg ikkje Kinn til rette for busetnad og etablering av næring. Det er heller ikkje slik at Kinn famnar om næring som allereie er etablert i kommunen. Er det slik vi skaper arbeidsplassar og busetnad?

Barnetalet generelt i kommunen går ned, men slik mange politikarar og kommunedirektøren tilrår, så gjev det eit tydeleg signal om at ein ikkje ønskjer nye familiar til kommunen. Dette er ei usympatisk skattlegging, når ein i tillegg veit at mange næringar strevar med å halde hovudet over vatnet med omsyn til koronasituasjonen.

Ser ein på oppvekst og helse lid desse under store innsparingar. Kinn kommune har driftsulemper grunna avstand. Dette viser seg mellom anna gjennom store reiseutgifter. Og er det verkeleg slik at ein tar frå barna og gir til eldre? Kvifor har ein då innsparingar på 18 millionar kroner på helse, og kvifor er hovudinvesteringa på omsorgsbustader på sjukehuset sett så langt ut i tid som 2025? Og kvifor må ein sette to slike grupper av innbyggjarar opp mot kvarandre? Kjenner eldre og helsepersonell at dei no vert prioriterte?

Florø har aksjeutbytte av SFE og bidrar til større del av havbruksfondet. Florø har også hatt høgare inntekt pr. innbyggjar. No set vi i ein kommune som er dyr å drifte grunna reiseavstand og fordyra administrasjon. I tillegg blei det lova store økonomiske gevinstar i form av statlege tilskot og overføringar. I ettertid viser det seg at mykje av desse pengane aldri har eksistert. Ein ser på fleire områda at kommunen driv dyrare no, enn det kommunane gjorde kvar for seg. Kva får Florø ut av denne samanslåinga? Dårlegare tenesta til folket samt høgare skattlegging. Utsetjing av investeringar i Florø som gymsal, bygging av eldreomsorgsplassar ved sjukehuset, rådhus og fotballhall. Kvar forsvinn Florø-delen av kommunen sine midlar? Kva av desse prosjekta kunne Florø klart å realisere om vi ikkje hadde investert i Vågsøy og hadde ekstrautgiftene med å drive Kinn kommune?

Forsking viser at samanslåtte kommunar får auka byråkrati og svekka demokrati. Dette ser vi tydeleg i Kinn kommune der posisjonen ønsker store kutt i driftsbudsjettet til oppvekst og helse, men vernar om administrasjonen. Stadig vert det tilsett nye stillingar i administrasjonen, men i oppvekst og helse er det fare for oppseiingar. Administrasjon har eit overforbruk og får tilført ekstra midlar, mens den stadig aukar i omfang. Det vert attpåtil brukt fleire konsulentfirma som kjem med feilopplysningar, dårleg konsekvensutgreiing og mangelfulle analysar. Dette rammer innbyggarane negativt og den økonomiske situasjonen i kommunen vert forverra.

Lærarane i Florø stagnerte i kontaktlærartillegg ved kommunesamanslåinga. Lønnsharmoniserte administrasjonen etter kommunesamanslåinga? Lærarane i Florø stagnerer i seks år. Kor mykje tapar lærarane i Florø på denne samanslåinga, og fekk dei vere med å sei si meining med tanke på. denne harmoniseringa? Sidan kommunedirektøren ikkje er god til å svare på spørsmål og gje visse politikara innsyn, så er det, og blir det vanskeleg å vere politikar i Kinn kommune.

Vi kan sjå betydeleg dårlegare tenesteytingar, der vi fryktar nedlegging av utkantskular, Krokane ev. Torvmyrane og Raudeberg samt samlokalisering av kjøkkenet i Måløy. Det vitnar om eit desperat forsøk på å hente ut gevinstar ved å samordne sektorar og sentralisere i ein kommune som ikkje heng saman og har stor avstand mellom Sør og Nord. Samlokalisering i Kinn kommune er vanskeleg å få til grunna avstanden. Flora har svært lite felles bu og arbeidsmarknad med Vågsøy. Kor mange pendlar frå Florø til Vågsøy samanlikna med dei som pendlar frå Florø til Førde? Samlokalisering i Kinn kommunen vil sjeldan kunne gjennomførast utan at det får negative konsekvensar for innbyggarane. Vi må ha to brannstasjonar i Kinn kommune, vi kan ikkje gjere som Sunnfjord der dei no legg ned brannstasjon i Jølster, med vel å merke ein konsekvens der elleve tilsette seier opp i protest.

Når ein etablerte Kinn gjekk ein vekk frå to nærdemokrati til to motstridane konkurrerande område med lite felles interesse grunna ulik demografi og lite felles bu og arbeidsmarknad. Det har vore store konfliktar i bystyret i Florø, men ikkje med den hyppigheita som ein ser i Kinn kommune. Slike samanstøyt hemmar samarbeid. Så kan ein skylde på kvarandre, men det løyser framleis ikkje problemet. Når vi ser tilbake på at fleirtalet i Vågsøy ikkje ville denne samanslåinga, og at innbyggarane i Florø ikkje fekk vere med på avgjersla gjennom folkeavstemming, så legg dette automatisk opp til politikarforakt og politisk klammeri. Så har det vel heller ikkje i det vidare politiske arbeidet blitt lagt opp til at desse stridane skulle minimere. Politikarane aukar eigne lønningar, opprettar utval og prosjektgruppe som tappar kommuneøkonomien og aukar konfliktnivået.

Korleis vert det då for Vågsøy å sentralisere til Florø som ligg 2,5 time køyretid i avstand. Om vi skulle sentralisere tenester til Florø og bygge ned Vågsøy, vil det i det lange løp også prege Florø. Vi kan risikere at Stad som ikkje har eigedomsskatt på næring, vil få næring og busetting i staden for Vågsøy og utviklinga stoppar opp. Ei dårlegare utvikling i Vågsøy vil prege Florø i form av knappare statlege overføringar sidan vi er ei økonomisk felles eining. Vil Vågsøy nokon gong samarbeide godt med Florø når fleirtalet av folket kjenner seg overkøyrde? Eg trur at denne konflikten er så stor at den vil bli varig i generasjonar. Konfliktane vil heller ikkje verte mindre om vi skulle tvinge Bremanger med. Vi fekk jo eit klart signal om at dei ikkje ville vere ein del av Kinn. Eg trur neppe at dei har endre meining etter Kinn-tabbane som har oppstått i det siste.

Så kva ventar vi på? Dersom vi gjennomfører same prosess med reversering som ved samanslåing så er det fort gjort. Eg har vore i kontakt med politikara i andre mindre kommunar enn det Florø var. Dei har uttala ei lette over at dei valde å stå aleine når dei observerer utviklinga i Kinn. Dei har heller ikkje vanskar med å gje innbyggjarane sine gode lovpålagde tenester. Dette sjølv om dei i utgangspunktet hadde vore for kommunesamanslåing. Vil reversering verte så økonomisk krevjande? Ligg ikkje alt til rette for å setje folk tilbake i stillingane dei hadde før kommunane vart samanslått? Ligg ikkje infrastrukturen framleis lett tilgjengeleg? Å reversere no vil vel gjere det økonomisk enklare enn om ein ventar endå lengre. Eller har kommunedirektøren eit konsulentfirma på saka? Innbyggjarane må sjølvsagt først få sagt sitt gjennom ei folkerøysting.