Ope brev til kommunedirektøren om det kommunale kjøkkenet

«Meiner du i fullt alvor at Bordgleder kan overta tre måltid per dag, frukost, lunsj og middag til 137 personar, utan å auke talet på årsverk?»

Dette lesarinnlegget er skrive som eit ope brev til kommunedirektør Terje Heggheim frå Kinn Senterparti ved Nils Myklebust og Sidsel Kongsvik.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive som eit ope brev til kommunedirektør Terje Heggheim frå Kinn Senterparti ved Nils Myklebust og Sidsel Kongsvik.

Ope brev til kommunedirektøren om det kommunale kjøkkenet

Vi viser til eit notat sendt til dei folkevalde angåande innsparing ved å legge ned det kommunale kjøkkenet i Måløy. I notatet skriv du at kommunen ved å overføre dette til Bordgleder i Florø, vil spare fire årsverk med ei brutto innsparing på 2,7 mill. kr. årleg, og ei netto innsparing på 1,8 mill. kr pr år.


Forventar å spare 1,8 millionar årleg på omorganiseringa av det kommunale kjøkkenet

Kinn kommune har bestilt ein økonomisk analyse frå PwC på kva omorganisering av det kommunale kjøkkenet i kommunen vil føre til av innsparingar. Konsulentselskapet anslår summen til 1,8 millionar i året.


Dette kan høyrast ut som ei god sak for Kinn kommune og dermed ha innsparingspotensial. Dette har konsulentselskapet Agenda Kaupang peika på. Deretter har du fått PWC til å kontrollrekne og dei stadfestar at dette stemmer. Så langt ser alt vel ut. Dette skal leggast fram for politisk handsaming med denne dokumentasjonen, der uavhengige konsulentar har sett på dette med nye friska auge. Men ein eller annan stad, så må der ha kome rusk i auga, om ikkje du har gitt oppdraget med føringar som ikkje stemmer med verkelegheita.

Saksopplysningar som er av avgjerande tyding er som følgjer: Bordgleder skal overta denne produksjonen utan å auke talet på tilsette. Det er her vi verkeleg undrar oss. Meiner kommunedirektøren i fullt alvor at Bordgleder kan overta å forberede/lage tre måltid per dag, det vil seie, frukost, lunsj og middag til 137 personar utan at det er nødvendig å auke talet på årsverk?


Mener det er mulig å flytte all kommunal matproduksjon i Kinn til Florø uten å oppbemanne der

Kommunalsjef helse og velferd i Kinn, Norunn Stavø, sier hun støtter seg på KF Bordgleder sin påstand om at det er mulig å flytte den kommunale matproduksjonen i Måløy til Florø uten å oppbemanne.


Det vert hevda at Bordgleder har god kapasitet. Dersom dei har så stor overkapasitet at dei kan gjere dette arbeidet som ein har brukt fire årsverk på i Måløy, så må florøværingane være alvorleg mykje kjappare og flinkare enn dei tilsette i Måløy. Det kan hende, i alle fall dersom dette vert sett på med enkelte Florø-auge, men det tvilar vi på sterkt på. Dei er vel nokså likeverdige.

I PWC rapporten vert det peika på kosten/varekjøpet hos det kommunale kjøkkenet i Måløy. Rapporten viser at Måløy-kjøkkenet ligg langt lavare innan dette området, der ein i Måløy brukar kr 138,- per måltid per person, brukar Bordgleder 172,- per måltid per person. Kvifor gjer dei det? Har det med at avdelingsleiaren i Måløy har vore mykje meir prisbevisst, at dei med andre ord har baka alle brøda sjølve, og at matsvinnet har vore minimalt. Dette er nokre fakta som ikkje kjem fram i rapporten. Dette, samt med auka fraktkostnader, så vert ikkje innsparinga 2,7 mill. men 1,8 mill. kr. Vi har kontrollsjekka dette litt med andre kokkar. Dei stadfestar at dette er ikkje mogeleg å gjennomføre, utan å auke tala på årsverk i Bordgleder. Dersom ein skal lage,

Kommunedirektør, vi vil gjerne ha svar på desse spørsmåla. Om du meiner at ein ikkje treng å tilsette fleire, så forsøker du deg på eit liknande reknestykke som i skattetakstsaka. Då vil dette på nytt gå ut over den tilliten som politikarane og innbyggarane skal og må ha, til at administrasjonen ved Kommunedirektøren gjer rett saksutgreiing.



Kommunedirektøren må ha klart føre seg at dette er ei sak det ligg mykje kjensler i. Vi er ansvarleg for maten til dei som bygde samfunnet vårt, og det skjerpar kravet til at saksutgreiinga er rett. Vi har dårleg erfaring med å sende over slike spørsmål og få svar innan rimeleg tid frå kommunedirektøren. Saka er av stor interesse for innbyggjarane,, så derfor sender vi dette som eit ope brev i media i tillegg til di mailadresse. Vi ser fram til svaret ditt snarast med interesse.


Ansatte ved det kommunale kjøkkenet frykter ikke for egne jobber, men for brukerne

– Vi forstår at kommunen vil spare penger. Det er bare så synd at det alltid skal gå ut over de svakeste

De ansatte ved det kommunale kjøkkenet ved Vågsøy omsorgssenter i Måløy mener at en flytting av all matproduksjon til Florø til syvende og sist vil gå ut over brukerne.


Du opplyser i ditt notat at du har gitt dei folkevalde informasjon om vegen vidare, og at du går vidare med samanslåinga av kjøkkenet.

Betyr dette at nedlegging av kjøkkenet alt er vedtatt (i budsjettet og utan saksutgreiing), og at der ikkje skal være meir politisk handsaming av saka? I tilfelle stiller vi oss undrande til om dette er lov.


Mellom fem og åtte årsverk vil bli ramma ved nedlegging av det kommunale kjøkkenet

Om det blir slik at ein legg ned det kommunale kjøkkenet i Måløy og flytter all kommunal matlaging til Florø, er det mellom fem og åtte årsverk som vil bli ramma av kuttet, opplyser kommunedirektør Terje Heggheim.



Informerte dei tilsette i Måløy om nedlegginga torsdag

Meiner ein kan spare store summar på å slå saman dei kommunale kjøkkena til eitt

Kommunedirektør Terje Heggheim leitar etter innsparingsmoglegheiter i kommunen. Eit av dei er å slå saman dei kommunale kjøkkena til eitt felles produksjonskjøkken, i Florø. Torsdag blei dei tilsette på kjøkkenet i Måløy informert.



Reagerer på flytteforslag

– Dette forslaget er heilt bak mål

Styret i Vågsøy pensjonistlag reagerer sterkt på kommunedirektøren i Kinn sitt forslag om å flytte all matproduksjon frå det kommunale kjøkkenet i Måløy til Florø. Dei fryktar samstundes at dette er begynnelsen på ei tømming av kommunale tilbod og arbeidsplassar i Måløy.



Kinn-budsjettet

– Vi aksepterer ikkje at det er born og eldre som skal betale for ja-partia sine prestisjeprosjekt

Kinn Raudt seier dei håpar folk legg merke til kva dei ulike partia prioriterer i sine budsjettframlegg. Sjølv vil dei mellom anna legge opp til ferdigstilling av brannstasjon innan 2023, prioritere ny skule på Skram, samt bevare den kommunale kjøkkendrifta i Måløy.