«Ein miljøkatastrofe under vasskorpa»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marius Dalin, 1. kandidat til Stortinget for MDG Sogn og Fjordane:

Ein miljøkatastrofe under vasskorpa

NRK Vestland skreiv 25. mars at meir enn 50 millionar oppdrettsfisk døydde før slakting i norske anlegg i 2020. Aller verst var det i området mellom Nordhordland og Stad, der heile 27,2 prosent av fisken døydde. Reinsefisk som blir brukt til avlusing har enda høgare dødelegheit, der somme estimat er så høge som 50 prosent. I tillegg går fisk ofte lenge med store skadar slik som vintersår og parasittar, til dei døyr ein langsam og smertefull død. Dette kan ikkje fortsetje!

Dersom dette hadde skjedd på land, hadde det vore ein nasjonal skandale. Kva hadde vi sagt dersom 27,2 prosent av husdyra i Vestland leid ein unødig og smertefull død før slakting? At problemet er gøymt under havflata gjer at det ikkje synest, men vi er i ferd med å gå blindt inn i ei miljøkatastrofe som kjem til å kjennast for oss alle.

I vår eigen bakgard føregår det ein skjult naturkatastrofe med ringverknader langt utanfor havbruket. Villaksen kan i år hamne på raudlista som ‘nær truga’. Gyteområde blir bygde ned og økosystem får varige skadar. Miljøgifter og avfall blir spreidde i kystnære område. Framtidige generasjonar vil kanskje ikkje få oppleve eit levande hav der dei bur.

For oppdrettsnæringa er ikkje dyrevelferd fyrsteprioritet. Dei vil arbeide for mest mogeleg profitt for lågast mogelege kostnadar, innanfor gjeldande regelverk. Derfor må radikale regelendringar til. Miljøpartiet Dei Grøne vedtok på landsmøtet fredag 26. mars å verne 30 prosent av norske havområde. I tillegg skal det stillast strenge krav til både nye og noverande oppdrettsanlegg. Opne bruk skal fasast ut innan 2030 og nye, opne anlegg skal ikkje tillatast frå no. Nye konsesjonar skal ikkje bli gitt ut, med mindre dei kan garantere null utslepp, null lus, null rømming og låg dødelegheit. I tillegg skal høgt rømmingsvern og god dyrevelferd vere eit absolutt krav for tilskot frå havbruksfondet. Det må til for at vi også i framtida skal ha levande hav og livskraftig villaks i Norge.