«Vestlandslegen» skal gjere det muleg å studere til lege i distrikta

Olve Grotle.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane valkrets.

Det skjer mykje i høgare utdanning for tida, særleg når det gjeld synet på desentralisert og fleksibel utdanning. Høgskulen på Vestlandet (HVL) arbeider med mange prosjekt, og for nokre veker sidan blei det gjort kjent at det vil bli etablert ei desentralisert deltids ingeniørutdanning innan elkraftteknikk og automatisering med robotikk i Nordfjord. Nokre dagar seinare blei det gjort kjent at det blir lagt opp til eit nytt mastergradsstudie i sjukepleie ved Campus Førde.

Men det er ikkje berre HVL som tenkjer nytt. Universitetet i Bergen (UiB) har i ei tid arbeidd med ein visjon kalla «Vestlandslegen», og det blir nå arbeidd målretta og godt med å få denne på plass. UiB har sett av 100 millionar til denne planen, og det er alt planlagt at dei 20 ekstra studieplassane universitetet fekk tildelt studieåret 2020–2021 skal vere starten på Vestlandslegen. Vestlandslegen har òg stor støtte i helseføretaka og andre.

Sjølv tok eg opp Vestlandslegen med utdanningsminister Henrik Asheim for nokre veker sidan, som eit ledd i regjeringa sitt arbeid med ein ny strategi for desentralisert og fleksibel utdanning. Veka etter var eg på eit møte med leiinga i Helse Førde og det medisinske fakultetet i UiB, kor formålet var å stake ut kursen for oppstart av Vestlandslegen.

Kva er så Vestlandslegen? Kort sagt er det tale om eit nytt studieløp for legeutdanninga, kor denne nå skal skje i to bolkar; dei første 3 åra av studiet i Bergen, og dei siste 3 åra i Stavanger, Førde eller Haugesund. Dei tre siste stadane i tilknyting til sjukehusa og HVL/UiS sine campusar, og i samarbeid med kommunehelsetenesta. Vestlandslegen er tenkt som eit kompetanseløft for helsetenesta i heile landsdelen vår. Det skal tilføre helsetenestene i Helse Vest akademisk kompetanse, styrke kvaliteten og konkurransekrafta til forskingsmiljøa, betre samarbeidet mellom helseføretaka, og betre rekrutteringa i regionen, både i og utanfor sjukehus.

Det er semje om at det er behov for fleire legar i Norge, og at vanskane med å rekruttere legar vil bli størst i distrikta. Det er derfor foreslått at universiteta skal få fleire studieplassar i medisin, og det medisinske fakultetet ved UiB kan som ein del av dette få 120 fleire plassar. For UiB passar desse utfordringane som hand i hanske for Vestlandslegen, og universitetet har derfor tenkt at desse plassane skal settast av til det nye studieløpet. På sikt kan Vestlandslegen vere ein del av hovudmodellen ved UiB.

Ved å etablere ei ordning kor ein skal studere dei siste 3 åra i f.eks. Førde, vil sjansane auke vesentleg for at studenten etter enda utdanning blir buande i regionen vår. Utdanningsforskinga viser nemleg at lokalisering av studietilbod er særs viktig for kor dei nyutdanna tek seg arbeid og blir buande. Det kan òg vere aktuelt å styrke denne effekten ved å gi søkarar frå Sogn og Fjordane ekstrapoeng ved studieopptaket til denne medisinarutdanninga, eller at nokre studieplassar er reserverte til folk her frå.

For oss som bur i Sogn og Fjordane er det avgjerande å få gode helsetenester i framtida, anten dette skjer på sjukehusa, i kommunehelsetenestene eller andre plassar. Gode helsetenester blir gitt av mange type fagfolk, men sjukepleie og legetenester står heilt sentralt. Innan sjukepleie har vi alt ein av landets beste utdanningar ved Campus Førde.

Om nokre år vil vi altså òg kunne få (delar) av ei legeutdanning her i Sogn og Fjordane, med 30–40 legestudentar som bur og studerer her. I eit samarbeid med UiB, HVL og Helse Førde. Det vil gi den høgare (helse-) utdanninga vår eit gigantisk løft, med positive verknader på ressurstilgang, satsing og styrking av lærarkompetanse og forskingsmiljø, styrke omdømme og styrke student-rekrutteringa. Alt dette i tillegg til å vere eit svært viktig bidrag til å sikre oss gode helsetenester i framtida.

Skal ein få dette til må styresmaktene gi støtte til prosjektet, mellom anna ved at UiB får fleire studieplassar. Vestlandslegen representerer nemleg òg eit retningsval, og det er viktig at dette blir støtta sentralt. For nokre dagar sidan la regjeringa lagt fram ei stortingsmelding om framtidig styring av Universitets- og høgskulesektoren. Både denne meldinga og det som elles blir signalisert frå departementet samsvarar heldigvis godt med Vestlandslegen. Eg vil meir enn gjerne vere ein av dei som arbeider for å få Vestlandslegen på plass så raskt som råd.