«100.000 innbyggjarar, det mest produktive næringslivet i landet og ikkje minst verdsarvområdet Geiranger, treng ny veg no»

Strynefjellet.  Foto: Erling Wge

Meninger

Dette innlegget er signert Arbeidarpartiet sine toppkandidatar i tre fylke, samt alle lokalparti som soknar til riksveg 15.

Per Vidar Kjølmoen – 1.-kandidat og leiar Møre og Romsdal Ap, Åse Kristin Ask Bakke – 2.-kandidat Møre og Romsdal Ap, Torbjørn Vereide – 1.-kandidat Sogn og Fjordane valkrins, Vestland Ap, Rune Støstad – 2.-kandidat Oppland valkrins, Innlandet Ap og ordførar Nord-Fron, Janne Øvrelid – Leiar Hareid Ap, Hanne Notøy – Leiar Ulstein Ap, Svein Gjelseth – Leiar Herøy Ap, Camilla A Vik – Leiar Sande Ap, Karen Høydal – Leiar Ørsta Ap, Sverre Leivdal – Leiar Volda Ap

Strynefjellet må inn i NTP 2022–2033

Møre og Romsdal AP, Vestland Ap, og ei lang rekkje kommuneparti er særs skuffa over regjeringa si manglande vilje til å prioritere ny tunnel over Strynefjellet. Møre og Romsdal, Vestland og Innlandet, LO, NHO står samla i kravet om ny veg, då må regjeringa lytte og handle.

Lokale AP-krefter går no saman og vil jobbe inn i mot den endelege handsaminga i Stortinget. Kravet er at RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger må inn i NTP 2022–2033.

Ny tunnel vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane, med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Vegen er avgjerande for at vi har bedrifter og arbeidsplassar her vi bur, då er det skuffande at regjeringa med Høgre i spissen, ikkje vil prioritere den.

Konsept B1 mellom Skåre-Breidalen vart vedteke i juni 2018, mesteparten av vegen skal gå i tunnel. Det gir kort planleggingstid og ein kan gå rett på detaljregulering. Målet er å få vegen inn i første periode med gjennomføring innan 2025.

Vi meiner at dagens vegstandard og dei mange stengingane vinterstid, medfører ein stor avvisingseffekt. På grunn av bratt stigning, fare for stenging og risiko for skade på køyretøy, vel mange å nytte alternative ruter. Næringslivet i dei nærliggande kommunane skapte i 2016 verdiar for 73 mrd. Mange av bedriftene tapar i dag store summar på å køyre lange omvegar.

Trafikkgrunnlaget er langt større enn dagens tal syner. I og med Eiksundsambandet, ny tunnel Ørsta-Volda og Kvivsvegen, vil ny tunnel over Strynefjellet gje store positive ringverknader for Søre, indre og midtre Sunnmøre, Nordfjord og Ottadalen.

Eksisterande tunnelar er i tillegg særs risikoutsette ved brann. Ansvarleg brannsjef seier det er sjølvberging som gjeld, naudetatane kan ikkje gjere anna enn å rydde opp i etterkant. Konsekvensane av ein bussbrann i turistsesongen vil vere katastrofale.

100 000 innbyggjarar, det mest produktive næringslivet i landet og ikkje minst verdsarvområdet Geiranger, treng ny veg no.