«Kva motivasjon ligg bak Smenes sitt forsøke på sverte motstanden mot øydelegginga av Stad-fjellet?»

Dette innlegget er signert Stad Landskap og Innbyggarinitiativet mot vindkraft på Stad. Innlegget er eit svar på kommunestyrepolitikar i Stad, Jan Vidar Smenes (Ap), sine utsegn i ein sak Fjordenes Tidende hadde om hatefulle ytringar mot lokalpolitikarar.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette innlegget er signert Stad Landskap og Innbyggarinitiativet mot vindkraft på Stad. Innlegget er eit svar på kommunestyrepolitikar i Stad, Jan Vidar Smenes (Ap), sine utsegn i ein sak Fjordenes Tidende hadde om hatefulle ytringar mot lokalpolitikarar.

Jan Vidar Smenes (Ap) tek opp eit viktig tema i Fjordenes Tidende 29 mars; hatefulle ytringar og trugsmål mot folkevalde. Smenes uttrykkjer glede over at politiet frå geografisk driftseining i Sogn og Fjordane har kome med tiltak, som fylgje av Kommunenes Sentralforbund sin rapport frå 2020.

Det herskar ingen tvil; verken meinigmann eller folkevalde politikarar bør utsetjast for trugsmål og hatefulle ytringar! Det er nett her ytringsfridomen sine grenser går. Men, at Smenes trekk fram saka om Okla vindkraftverk i samband med dette tema, er derimot svært overraskande. Smenes viser til eit tilfelle, der ein e-post av truande natur skal ha blitt mottatt av kommunestyremedlemmar i Selje, i samband med behandling av Okla-saka i Formannskapet. Smenes hevdar vidare at «det er vanskeleg å seie meininga si i denne saka.». Og «at ein tenkjer seg om før ein går inn i debatten om vindkraft». Smenes meiner dette vil kunne hindre rekruttering til politiske verv.

Som Hans Christian Hansen, leiar i «Stad Landskap» presiserer i artikkelen, er det ikkje medlemmar i Stad Landskap eller Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad, som står bak e-posten Smenes nemner. Vi tek sterk avstand frå slik framferd! Og Smenes burde vere vel kjent med at dette på ingen måte er karakteristisk for korleis kampen mot Okla har blitt ført. Saklegheit, ryddigheit og framferd innan lova sine rammer, har vore høgt prioriterte verdiar for motstanden mot Okla.

Smenes kunne valt å gje ei meir heilskapleg framstilling av ei sak som er svært kompleks. Han kunne valt å nemne at fredelege demonstrantar har markert standpunkt mot «Okla» innan lova sine grenser heilt sidan arbeidet med tilkomstvegen starta. Han kunne ha nemnt at politikarane i Stad kommune har vist svært lita merksemd for markeringane mot Okla vindkraftverk, og at dei heller ikkje har vore på tilsyn gjennom dei 7 md. som har gått sidan anleggsarbeidet tok til. Han kunne ha nemnt at motstandarane mot Okla har nytta demokratiet sine kanalar for å fremje sine synspunkt, og forsøkt å få dialog med lokale og sentrale styringsorgan. Han kunne ha nemnt at facebookgruppa «Nei til vindkraft på Stad» ikkje er lukka; men ei open gruppe, der alle kan lese kva som vert skrive, oppretta for opplysing og engasjement kring saka, og der moderatorar slettar kommentarar som vert vurdert som upassande. Han kunne ha nemnt kvifor Okla-saka engasjerer, både innbyggjarar frå Stad kommune, og lang utover Stad sine grenser; at saka gjeld noko av landet sin mest ikoniske kystnatur, og kulturhistoriske verdiar av nasjonal tyding. Og Smenes kunne valt å nemne at tankane om lokaldemokratiet står sentralt i det norske politiske system, som ei plattform for deltaking og aktivitet. At eg og du – den vanlege norske kvinne og mann, har ein rett til å meine – og at vi vert oppmoda om å engasjere oss i saker som gjeld eige miljø, liv, helse og livskvalitet – slik at kommunale avgjerder kan medføre høgare lokal forankring.

Men, nei! Smenes nemner ingenting om dette. I staden viser han til ein e-post, som ingen i korkje Stad Landskap eller Innbyggjarinitiativet, er kjend med, og som vi på det sterkaste tek avstand ifrå.

Vi er samde i at det har vore vanskeleg å ta debatten, Smenes! Grunna mangel på lydhørhet, informasjon og dialog! Og – saka handlar om meir enn rekruttering til politiske verv! Den handlar om lokaldemokratiet sin rett til deltaking og engasjement. Den handlar om fakta og etterrettelegheit, i ei sak der konsesjonsmyndigheitene ikkje lytta til eiga fagmynde og fatta sitt konsesjonsvedtak på feil grunnlag (NRK, 24.09.20).

Det er trist at Smenes ikkje vågar å gå inn i debatten om at vindkraft kan vere ein del av løysinga. Men, endå meir beklageleg er det at Smenes ikkje har forstått at for Stad Landskap og Innbyggjarinitiativet har debatten aldri handla om motstand mot fornybar energi, eller mangel på innsikt i globale klimaproblem. Debatten burde handle om at heilskapen i noko av Noreg sin mest spektakulære kystnatur vert øydelagd, for å etablere eit anlegg som vil vere av dei minste i Noreg i høve kraftproduksjon. Eit anlegg som vil ligge midt mellom verna vassdrag og naturreservat med internasjonal vernestatus etter Bern-konvensjonen. Debatten burde handle om kvar miljøgevinsten vert av når karbonrik kystlynghei og terrengdekkande myr vert punktert, og gjenstand for utslepp av klimagassar. Når utdøyingstrua artar og fugletrekk av internasjonal verdi vert forstyrra. Dette er grundig dokumentert faktakunnskap, Smenes. Fakta som er blitt forsøkt fremja gjentatte gongar, på sakleg måte og innan lova sine rammer – og ut frå trua på lokaldemokratiet si kraft til å vere delaktig i påverknaden av vår felles framtid.

Kvifor?

Vi finn grunn til å spørje kvifor Smenes no brukar ei nær to år gamal sak som døme? Kva motivasjon ligg bak Smenes sitt forsøke på sverte motstanden mot øydelegginga av Stad-fjellet?