«No må Sp ta seg saman! Sjølvsagt skal du miste lappen viss du fyllekøyrer»

Dette innlegget er skrive av Ove Trellevik, stortingsrepresentant (H) og Elisabeth B Hatlenes 3. stortingskandidat for valkrinsen Sogn og Fjordane (H).  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette innlegget er skrive av Ove Trellevik, stortingsrepresentant (H) og Elisabeth B Hatlenes 3. stortingskandidat for valkrinsen Sogn og Fjordane (H).

No må Sp ta seg saman! Sjølvsagt skal du miste lappen viss du fyllekøyrer

Folk som køyrer bil i ruspåverka tilstand skal få behalde førarkortet, meiner Senterpartiet. Det er eit heilt nytt nivå av populistisk uansvarlegheit. Sjølv til Sp å vere.

Ein skal høyre mykje før øyra fell av, men no er det jammen meg like før. Senterpartiet vil i nytt forslag la promillekøyrarar få behalde førarkortet, dersom dei installerer ein alkolås i bilen. Promillekøyrarar vil altså få halde fram med å køyre bil. Argumentet er at tap av førarkort slår negativt ut for dei som bur i distrikta.

Men dette handlar ikkje om distriktspolitikk.

Dette handlar om folk sine liv, helse og tryggleik.

Sjølv bur vi ute i distriktet på Vestlandet. Det ville sjølvsagt vore kjipt og upraktisk for oss å mista lappen. Og nettopp derfor er det verdas enklaste ting å berre la vere å ruse seg før ein køyrer bil.

Det er forståeleg at det er ubeleileg å miste førarkortet for oss i distriktet. Det er dårlegare kollektivalternativ enn i storbyane. Det kan bli vanskeleg å kome seg rundt og til jobb utan eigen bil. Men straff skal skal ikkje vere beleileg. Det skal vere ein lærepenge.

Det er unekteleg rart at partiet som er mot regjeringa si rusreform, fordi ein meiner straff har ein førebyggande effekt, no meiner at ein skal sleppe straff dersom ein har rusa seg i trafikken – og attpåtil har sett andre sine liv og helse i fare. Det kan vi berre ikkje forstå.

Kjære Senterpartiet: Det blir for dumt å kamuflere dette som eit tiltak for distrikta. Sjølv for oss som er frå distriktet. Kvifor i all verda skal ikkje ein ønske at dei som fyllekøyrer og set andre i fare langs vegen, skal få ei straff? Dette er ikkje ei distriktssak. Ein skal straffast like hardt om ein køyrer i ruspåverka tilstand i Øygarden og Bremanger kommune som i storbyane.

Og det verkar kanskje som dykk også har innsett dette etter at forslaget blei presentert i Dagsavisen mandag 12. april. Seinare same dag inviterte NRKs Dagsnytt 18 Høgre og Senterpartiet til debatt. Senterpartiet avslo. Dagsnytt 18 inviterte igjen til debatt tysdag 13. april. Senterpartiet avslo. La oss håpe at det er ei indirekte erkjenning om at dette er eit dårleg forslag. For det er det verkeleg.

Generelt er forslaget om alkolås som ein tilleggsstraff for promillekøyrar ein interessant idé som Høgre er opne for å diskutere. Men det er idioti å meine at det skal erstatte dagens straffereaksjonar med tap av førarkort. Køyrer du i ruspåverka tilstand, så får det konsekvensar. Dette er eit viktig signal å sende.