«Arbeidarpartiet sviktar dei rusavhengige»

Dette innlegget er skrive av Marius Dalin, fyrstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne til Stortinget.  Foto: Oddleiv Apneseth

Meninger

Dette innlegget er skrive av Marius Dalin, fyrstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne til Stortinget:

Historia er full av politikarar som vil gjere seg store ved å vere harde mot dei rusavhengige

På landsmøtet fredag sto Arbeiderpartiet ved eit vegval: Å halde fram med ein sosialt urettvis og gamaldags ruspolitikk, eller å ta Noreg inn i det 21. århundre, der vi endeleg vil byrje å behandle rusbrukarar som menneske. Valet dei tok vil avgjere skjebnen til tusenvis av nordmenn. Det er trist å høyre at dei vel å straffe rusavhengige for utfordringa dei slit med. Det finst ikkje noko som tyder på at det vil hjelpe dei. Eit plaster-på-såret-vedtak om å la tungt rusavhengige sleppe straff, medan dei med noko lettare misbruk skal straffast lar seg ikkje gjere i praksis, og dermed er ein av dei viktigaste sosiale reformene i vår tid død.

Eg hadde sjølv ei deltidsstilling i rusomsorga heilt i byrjinga av legekarriera mi. Dei sterke inntrykka derifrå har eg teke med meg og gjer at eg har eit engasjement for dei rusavhengige. Eg er oppteken av at vi tek vare på dei på ein menneskeleg og god måte. Rus er årsaka til mange alvorlege ulukker, det har eg fått erfare mange gongar når vi har teke imot alvorleg skadde på sjukehuset. Difor er kampen mot rusavhengighet viktig ikkje berre for meg, men for dei rusavhengige og for alle dei rundt som vert råka.

Rusreforma er ein del av ei utvikling som har gått føre seg over lang tid. Partia har flytta seg gradvis i retning av fakta og fornuft. Bort frå straff og mot omsorg og medmenneskelegheit. Avkriminalisering tyder ikkje frislepp. Det tyder at dei som får eit problem med rus kan be om hjelp dersom dei treng det, og ikkje vere redde for straff. Denne utviklinga skjer i nesten alle vestlege land. I Noreg har MDG kjempa for dette åleine i mange år. Det er gledeleg å sjå at fleire no kjem etter.

I grunnen burde det vere pinleg for venstresida at dette framtidsretta og utjamnande forslaget kjem frå ei borgarleg regjering. Men når reforma no ligg på Stortinget sitt bord, er det på tide å seie tydeleg JA. Ja til hjelp, ikkje straff for folk som slit med rus. Ja til at politiet prioriterer sine avgrensa ressursar til å etterforske gjengkriminalitet, og ikkje går etter brukarar. Ja til at ungdommar som eksperimenterer med rus blir møtt med eit system som leier dei på rett veg, ikkje brennemerker dei som kriminelle for resten av livet.

Tragisk nok står reforma i fare for å falle i møte med løgner, mistydingar og autoritære haldningar både på raudgrøn og borgarleg side; frå Stortinget sitt nye reaksjonære tospann FrP og Senterpartiet. Frp har overkøyrt si eiga stortingsgruppe og bestemt at dei skal vere mot reforma. Frp sin ruspolitiske talsperson Kari Kjønaas Kjos har trekt seg i protest. Senterpartiet stemplar dette som “frislepp” og hevdar at straff er naudsynt i kampen mot rusmiddelmisbruk. Sanninga er det motsette: Når politiet kan bruke mindre krefter på å jage etter brukarar, då kan dei fokusere innsatsen mot organisert kriminalitet.

Det er som om store delar av Stortinget rett og slett ikkje er interesserte i å lese dei grundige vurderingane som ligg til grunn og i staden fell tilbake på gamle kjepphestar og fordomar. Her gjeld det å vere “hard” og “streng”. Mi erfaring med dei som slit med rus tilseier at dette berre støyter dei endå lenger ut frå samfunnet og gjer dei meir utsette for utnytting og vald. Heldigvis har vi i Noreg sidan 90-talet fått stadig større forståing og medkjensle med dei. Viktige førebilete som Nini Stoltenberg og MDG si eiga Eva-Brit Langva har stått fram med sitt misbruk, sin sjukdom og skam, og bidrege til å vise fram at rus ikkje berre er noko som råkar “dei andre”. Men alle sympatierklæringane i verda er ingenting verd om vi ikkje også oppdaterar lova.

Saka er nemleg at vi i dag ikkje har ei lov eller eit politi med den nye forståinga vi har for dei rusavhengige sine liv. Dagens lovverk gjer at folk som brukar ulovlege rusmiddel kan kvie seg for å kontakte politiet av frykt for straff for bruk. Stigmaet og trusselen om straff gjer at mange held problema skjult, når dei kunne fått hjelp.

Vi veit også at straffelina rammar ulikt. Dei kvite, rike og dresskledde har liten sjanse for å verte straffa. Eit vilkårleg system som legg opp til mykje bruk av skjøn gjev dårleg rettstryggleik og kan gje grovt urettvise og usosiale utslag.

Historia er full av politikarar som vil gjere seg store ved å vere harde mot dei rusavhgengige og stigmatisere dei som skil seg ut og ikkje passar inn slik dei helst vil sjå samfunnet vårt. Arbeidarpartiet kan vere stolte av alle gongane dei har gjort det motsette: Stilt seg på dei utsette og utstøytte si side og tatt dei inn i varmen. Denne helga hadde dei ein ny sjanse til å stille seg på rett side av historia. I staden valde å seie nei til rusreforma.

Arbeidarpartiet vel altså å tvihalde på at det skal vere straff for å bruke narkotika. Det er eit historisk svik mot dei rusavhengige.