«Borna våre vil gå på sin nærskule, som dei er veldig glad i»

Dette innlegget er skrive av Hildur Sørdal.  Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette innlegget er skrive av Hildur Sørdal.

Kan de stå for dette Ap, Høgre og Venstre?

I Firdaposten 15. april kan vi lese at Silje Ødegård Standal gruppeleiar for Ap, Arlene Vågene, Høgre, har saman med Venstre bestemt at grendaskulane i Stavang og Steinhovden skal leggast ned frå hausten 2022.

Og då er mitt spørsmål, Arlene Vågene, som adjunkt, og Silje Ødegård Standal, som lærar, kan de stå rakrygga for dette vedtaket?

I yrke dykkar skal de lære våre håpefulle born alt ifrå å lese, rekne, skrive, etikk og likeverd med meir. Alle born skal vere like mykje sett og høyrt i skulekvardagen og meiningane deira skal bli høyrde. Men det gjelder tydelegvis ikkje ungar frå distrikta. Dei har ikkje vore høyrde i denne prosessen. Kor pedagogisk er det?

Og så spør eg Jakob Nødseth, gruppeleiar i Venstre, som er advokat, er det i orden at ein kommune kan bryte lover og forskrifter i ei sak? Det har blitt lagt fram lover og forskrifter i denne saka som ikkje er følgde. Vi vil tru at du har fått med deg dette. Men kommentarar frå deg har vi ikkje fått.

Kan du som advokat ikkje uttale deg om slikt? Som gruppeleiar i Venstre er du ansvarleg for Venstre sin politikk. Vi skulle gjerne ha sett din kommentar til denne saka.

Vi har fått opplyst at det er tatt ut 8 millionar frå skulebudsjettet. I Norconsult-rapporten er innsparinga på Stavang skule 1,2 millioner. Då er ikkje auka reisekostnader, evt deling av klassar ved ny skule, midtskyss med mer kostnadsrekna. Ingenting har blitt konsekventutgreidd. Vi ser at her må det sparast mykje ved dei andre skulane i Kinn for å nå målet på 8 millionar. Men det kjem vel under skulestrukturplanen som Stavang skule tydeligvis ikkje skal vere ein del av.

Eg spør igjen, kan Venstre, Høgre og Arbeiderpartiet stå rakrygga med desse overtrampa mot elevar frå utkantar i Kinn kommune?

Så det er ikkje mykje vi ber om.

Vi vil at Stavang skule blir lagt inn i skulebruksplanen og skulestrukturplanen, og bli behandla på lik linje med dei andre skulane i Kinn kommune, før det blir gjort vedtak om nedlegging!

Borna våre vil gå på sin nær-skule som er Stavang skule, som dei er veldig glad i.

Vi har sagt det før: Vårt val eri 2023, men vi har og eit val til hausten. Men Ap, Høgre og Venstre meinar vel at vi er ei for lita tue til å velte eit stort lass. Eller er vi det?