«At kommunane har moglegheit til å overta gravplassforvaltninga er eit positivt initiativ i nye tider»

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth, Bremanger.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth, Bremanger.

Positivt initiativ i nye tider

I Fjordabladet 13.04. 21 oppmodar Human-Etisk Forbund kommuneleiinga i Stad om å ta initiativ til eit vedtak i kommunestyret der ein ber om å overta ansvaret for gravplassforvaltninga. Det er eit rosverdig og sakleg initiativ, då det ikkje lenger er lovfesta i gravplasslova at berre kyrkjelege fellesråd kan ha denne oppgåva, sidan gravplassane ikkje berre er for dei som er medlemmer i Den Norske Kyrkje.


Mener kommunestyrene bør gjøre vedtak om å ta over ansvaret for gravplassene fra kirka

Ved nyttår trådte den nye loven om tros- og livssynssamfunn i kraft. Den nye loven erstatter Kirkeloven og to andre lover om tros- og livssynsamfunnene utenfor Den norske kirke. Den nye loven har også ført til viktige endringer i Gravplassloven.


Det er elles kanskje naturleg at dei kyrkjelege fellesråda gjerne vil halde på sitt gravferdsmynde som trussamfunn. Det kan dei òg gjere vidare. Men i eit multikulturelt samfunn der berre om lag halvparten av folket trur på Gud, i høve spørjeundersøkingar, er dette ei sak som vil presse seg fram, nettopp med tanke på likebehandling av livssyn frå det offentlege si side. Dette handlar ikkje om at fellesrådet gjer ein god jobb eller ikkje.

Gravplassforvaltninga må difor vere ein likså naturleg kommunal oppgåve som noko anna. Den er dessutan kommunalt finansiert. Ei slik likebehandling vil ikkje kunne skape problem for dei som nyttar kyrkja til sine seremoniar.

Tida er for lengst moden for det, i eit stadig meir sekularisert samfunn der kyrkja betyr mindre for folk flest. Dette er ein realitet som, om ikkje fellesråda ser det, kommuneleiinga bør sjå og ta initiativ til å endre rundt om i landet.

Det er elles på sin plass å rose Stad kommune for arbeidet som er gjort med å tilby til dømes livssynshumanistar eigne seremonilokale og ikkje berre medlemmene i kyrkja. Ei oversikt syner at der det er kyrkjer dei kristne kan nytte til sine seremoniar, er det og gitt tilbod om seremonilokale andre kan bruke, betalt av kommunen. Det er eit framifrå døme på likebehandling, noko som i alle fall ein nabokommune bør sjå i retning av.