«Svar på Venstre sin kritikk av Sp: – Folk vil ikkje ha den store sentraliseringa, så enkelt er det, Bjørlo»

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, leiar i Kinn Sp.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, leiar i Kinn Sp.

Svar på Venstre sin kritikk av Sp

I siste tida så har Venstre og Alfred Bjørlo vore sterk kritiske til Sp og Erling Sande som førstekandidat for Sp og som vil endre på blant andre Kinn og Vestland.


Mener angrepet på partiet er skremselspropaganda

– Det Alfred Bjørlo og Venstre driver med er skremselspropaganda, sier Erling Sande i Senterpartiet.


Det er nesten så ein kan lure på om Venstre og Alfred Bjørlo har fått fullstendig panikk.

I interjuv på NRK SFJ saman med Liv Signe så spurte Alfred «kva i all verda er det Sp held på med?» Det Sp held på med er faktisk noko vi har gjort lenge, å lytte til folk. Dette har hatt særs dårlege vilkår i Venstre.

Kan elles vise til kva venstre sin Edvard Iversen sa under folkemøte i Samfunnshallen i Deknepollen rett før folkeavrøystinga om Kinn. Der sa han at «om 98 prosent av folket i Vågsøy stemte nei til Kinn, så kom han ikkje til å bry seg med det og ville stemme for i kommunestyret» Kan det være nettopp denne mangelen på å lytte til folk som gjer at Venstre er på 2 prosent-talet, mens Sp snusar på 40-prosenten i Sogn og Fjordane?

Vi registrerer også at Bjørlo no snakker varm for kysten med utdanning og næringsklynger, dette er bra og vi seier velkommen etter.


Foreslår området som et regionalt utdannings- og kompetansesenter

Har visjoner om en fylkeskommunal campus her

Alfred Bjørlo (V) mener at hele området der Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy, ligger i dag bør bli en felles eid og drevet campus som kan styrke området som et regionalt utdannings- og kompetansesenter.


Men huskar ikkje den same Bjørlo kvifor han trakk seg frå samanslåinga av Eid, Vågsøy, Selje og Vanylven med grunngjeving at det vart ein for stor kystdominans?

Så kan det virke som at Iversen og Bjørlo nå er perlevenner, kva har skjedd? Det er ikkje så lenge sidan at dei ikkje var på talefot eingong.

Når Sp står for ein annan distriktspolitikk enn Venstre sin, så er det nok det folk no har fått auga opp for, og kva er det som dagens regjering fører. Den store sentraliseringa vil ikkje folk ha, så enkelt er det, Alfred Bjørlo.

At alt verte betre om ein får store og «robuste regionar» har ikkje innbyggarane nokon tru på.

Dei veit at vedtaka ikkje vert betre om dei vert tekne langt borte frå folket som de angår.

Dei vil heller ikkje ha Kinn, Vestlandet vart dei ikkje rådførte om heller, sjølv om signala frå folket var at dei var klart imot.

Ein kan få inntrykk av at Venstre sine representantar meiner at folket ikkje veit sitt eige beste, men det gjer Venstre. Er det rart at det vert fall i oppslutninga på denne måten?.

Det å så til dei gradar å gå imot folkeviljen i sak etter sak er ikkje greit. Det er eit angrep på den demokratiske tankegangen og dette er Sp sterkt imot. Sp er for folkestyre og ein politikk som tek heile landet i bruk.

Så i staden for å kritisere Sp så bør Venstre gå til innkjøp av ein spegel og spørje seg sjølve «kva er det vi i Venstre styrer med?»