«Vi vil sikre at norsk fisk skapar arbeidsplassar og busetnad langs kysten»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane.

Raudt vil sikre at norsk fisk skapar arbeidsplassar og busetnad langs kysten

Raudt har på Stortinget foreslått tiltak som skal trygge at fisken som vert teken opp i norske farvatn, i større grad fremjar arbeidsplassar i Noreg. Vi ser at kvitfisktrålarane har gått frå å vere ein reiskap for å styrke lokalsamfunn langs kysten i Nord-Noreg, til å tene fiskekapitalistar med globale ambisjonar. Meir og meir av fisken dei fangar, vert no sendt rett ut av landet utan tilarbeiding. Og med den seinaste utviklinga innanfor slakteskip, der båten Norwegian Gannet får lov til å sende fisken direkte til Danmark frå norske oppdrettsmerdar, er vi redd for at kysten på vestlandet, berre blir oppbevaringsstad for oppdrettsfisken fram til den vert sendt rett ut av landet; utan å skape arbeidsplassar på land.

– For kystkommunane vil det bety svært mykje å få tilbake arbeidsplassar knytt til foredling av fisk, seier Geir Oldeide 1.-kandidat for Raudt Sogn og Fjordane.

Raudt vil sikre at norsk fisk skaper arbeidsplassar og busetnad langs kysten. No har vi foreslått på Stortinget å innføre eit kvotetrekk for dei som sender fisken rett ut av landet. Dette er gjort på Island, og det sikrar at fisken skaper arbeidsplassar på land. Nokre andre land t.d. Argentina praktiserer at deler av kvoten (frå 20-50%) på enkelte fiskeslag, skal tilarbeidast i heimlandet.

Det er rett og rimeleg at den fisken som vert teken opp utanfor kysten vår, skaper arbeidsplassar på land og gjev løn til dei som bur her – ikkje til oppdrettsmilliardærane og trålreiarane.