«Med krevjande topografi og store avstandar betyr satsing på samferdsle mykje for eit område som Sogn og Fjordane»

Dette innlegget er skrive av Senterpartiet i Sogn og Fjordane, ved fylkesleiar Sigurd Reksnes.  Foto: Senterpartiet

Meninger

Dette innlegget er skrive av Senterpartiet i Sogn og Fjordane, ved fylkesleiar Sigurd Reksnes.

Fleire prosjekt i Sogn og Fjordane må prioriterast i Nasjonal transportplan

Med krevjande topografi og store avstandar betyr satsing på samferdsle mykje for eit område som Sogn og Fjordane. Nasjonal Transportplan (NTP) er eit viktig styringsdokument for satsing og prioritering av samferdsletiltak. Senterpartiet Sogn og Fjordane har følgjande innspel på Nasjonal transportplan 2022 -2033:

Senterpartiet i Sogn og Fjordane er positiv til at transportplanen varslar oppstart av dei to svært viktige prosjekta E39 Storehaug-Brulandsberget forbi Førde og rassikring mellom Førde og Naustdal. Senterpartiet er likevel skuffa over at satsingane fyrst kjem heilt mot slutten av fyrste 6 årsperioden. Ikkje minst meiner vi regjeringa burde kunne prioritert desse prosjekta utan at å ta ut samtlege av E39 prosjekta som stod inne i førre transportplan: E39 ved Vadheim, rassikring Skjærsura og Våtedalen samt strekningsvise utbetringar mellom Byrkjelo – Sandane. E39 gjennom Sogn og Fjordane får dermed mindre løyvingar no, enn i transportplanen som var lagt fram for 4 år sidan.

Senterpartiet krev at dei nemnde prosjekta vert tekne inn att i den nasjonale transportplanen. Sjølv om Senterpartiet støttar målet om ferjefri E39 er det viktig at Stortinget prioriterer vegen først og sikrar fullgod veg med gul midtstripe før svært kostnadskrevjande fjordkryssingar vert realiserte.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane er glad for realisering av to viktige rassikringsprosjekt i Sogn og Fjordane (Nærøydalen og Førde-Naustdal), men svært skuffa over at ikkje regjeringa varslar eit større løft for rassikring. Vi finn inga satsing på rassikring av fylkesvegane. Berre ei vidareføring av dagens altfor låge rammer. Dette kan vi ikkje akseptere. Ramma til rassikring av fylkesvegane må aukast og rassikringsmidlane må tildelast rasfylka ut frå registrerte rassikringsbehov. Det må kome ei tydeleg satsing på rassikring av fylkesvegane og ein forpliktande plan for å sikre dei mest rasutsette riks- og fylkesvegane i løpet av dei neste 10 åra.

Senterpartiet har lenge arbeidd for ein pott for nødvendige tiltak på fylkesvegane, og synest det er positivt at regjeringa legg opp til ein slik pott. Sp vil likevel peike på at potten er alt for liten til å møte det store etterslepet på landets fylkesvegar, og at det ligg inne 50 % medfinansiering for å kunne nytte desse pengane. Potten bør aukast vesentleg.

Tunnelane på Strynefjellet er i svært dårleg stand og Senterpartiet krev at ny tunnel på Strynefjellet med arm til Geiranger vert prioritert inn i nasjonal transportplan.

Den høgredominerte regjeringa tok for 4 år sidan RV 13 ny Vikafjellsveg ut av den nasjonale transportplanen. Det er svært skuffande at regjeringa held fram med å nedprioritere dette viktige vegprosjektet. Senterpartiet krev at prosjektet vert løfta inn att i transportplanen. For Sogn og Fjordane er det også svært viktig at E16 Bergen-Voss vert realisert etter K5-alternativet, og at den svært rasutsette vegstrekninga dermed vert sikra.

Senterpartiet er glade for at Stortingsfleirtalet overkøyrde H, V og KrF sitt forsøk på å nedprioritere Stad Skipstunnel i budsjetthandsaminga i fjor haust. Dette gjer at Stad skipstunnel no blir ein realitet og prosjektet blir følgt opp med løyvingar gjennom NTP noko Senterpartiet lenge har arbeidd for. Vi vil peike på at det framleis er store behov innan hamner og farleier dersom vi skal sikre ein effektiv transport langs kysten vår. Dette må prioriterast opp i arbeidet med transportplan.