«La grendaskulane bli ein ressurs og ikkje ei byrde»

Dette innlegget er skrive av tilsette på Steinhovden skule, Magnhild Hatleseth, Signe Underlid og Synnøve Herstad.  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Meninger

Dette innlegget er skrive av tilsette på Steinhovden skule, Magnhild Hatleseth, Signe Underlid og Synnøve Herstad:

Ta vare på mangfaldet i Kinn – la grendaskulane bli ein ressurs og ikkje ei byrde

Neste veke skal politikarane avgjere skjebnen til dei aller siste grendeskulane i Kinn kommune. Ikkje minst for borna sin del, er vi svært glade for at politikarane kjem folket i møte og går inn for å oppretthalde grendeskulane eit år til. Men det som foreldra og lokalbefolkninga kjempar for, er at grendeskulane vert oppretthaldne til elevtalet blir så lavt at foreldra sjølve finn at skulemiljøet blir for lite for borna deira. Skulenedleggingsdebatten har synleggjort dei mange fordelane med det siste, medan det ser ut til at økonomiske årsaker og det litt uklare omgrepet «pedagogisk forsvarleg» er argumentasjonen frå dei som vil legge ned skulane.

Likeverd, mangfald og inkluderande skulemiljø for alle barn i Kinn

På Steinhovden skule har mange av elevane gått i barnehagen her sidan dei var små barn, og fleire har søsken på skulen. For alle elevane er skulen ein stad dei har knytt tette band til og som er ei kjend og trygg livsverd for dei. Ifølgje professor Halvor Bjørnsrud ved Høgskulen i Vestfold, dannar slik tilhøyrsle og nærleik til skulen eit godt grunnlag for born og unge si læring. Tilknytinga til skulen medverkar dessutan til å skape ein likeverdig og inkluderande skule som er meiningsfull både for barn og foreldre. Bjørnsrud peikar på at nedlegging av små lokale skular medverkar til å skape eit dårlegare grunnlag for ein inkluderande skule for elevar og foreldre som mister geografisk og sosial nærleik til skulen (Bjørnsrud 2020, s.48).

I ein inkluderande skule for alle er sosial tilhøyrsle og nærleik til lokalsamfunnet grunnleggjande føresetnadar, og likeverdig utdanning føreset at born og unge har tilknyting til ein skule som er nærast mogleg deira eige oppvekstmiljø. Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø med rom for mangfald og tilpassing er også eit av måla i samfunnsdelen av kommuneplanen til Kinn kommune. Forslaget som no ligg føre om å legge ned grendaskulane Steinhovden og Stavang er derimot stikk i strid med det berande prinsippet om likeverd.

Ja, små skular er pedagogisk forsvarlege!

Argumentet pedagogisk forsvarleg er ofte brukt av dei som vil legge ned grendeskulane i betydninga av at den faglege og sosiale læringa er for dårleg fordi skulen har for få elevar. Men ei brei forsking kan dokumentere det stikk motsette, mellom anna viser skuleforskaren Karl Jan Solstad m.fl. til at dei små skulane er fullt på høgde med dei store både når det gjeld fagleg og sosial læring og utvikling. Forskarane peikar på at dette har samanheng med at elevane på små skular langt oftare samhandlar med andre born på tvers av alder og kjønn og at dei derfor har ei større kontaktflate enn elevar på barneskular med fulldelte klassar. I tillegg vil elevar i mindre miljø ha tettare vaksenkontakt og dei får tidlegare ansvar for seg sjølve og andre (Solstad, 2016).

Dette er i tråd med det vi opplever på Steinhovden skule der vi dessutan har elevar som har flytta til Kinn kommune og vår skule fordi dei har hatt dårlege erfaringar med store skular. For å ta vare på mangfaldet i skulesektoren i Kinn slik det er nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel, må det vere plass for både små og store skular i kommunen slik at alle barn kan få eit tilpassa opplæringstilbod.

Det har også vore eit argument i skulenedleggingsdebatten at born frå bygdene våre vil bli skadelidande dersom dei må flyttast frå Eikefjord Barnehage til Steinhovden skule fordi dei då blir skilde frå gruppa dei har vore saman med i barnehagen. Vennskap og relasjonar til andre barn er viktig, men belastninga med å skifte gruppe er endå større for elevar frå dei aldersblanda klassane ved grendaskulane ved eit skulebyte.

I kommuneplanen sin samfunnsdel, er berekraft både eit overordna mål og eit mål for oppvekstsektoren. Berekraftig utvikling er også ein viktig del av læreplanen som styrer skulane si undervisning. På grendeskulane har vi ei unik moglegheit til å jobbe med temaet på grunn av skulane si plassering i eit naturlandskap der elevane har rike mogelegheiter til å utforske samanhengane i naturen gjennom praktisk arbeid.

Denne fordelen prøver grendaskulane å utnytte til det beste for elevane si læring, og i vår startar Steinhovden skule eit med etableringa av ein skulehage. Det er eit tverrfagleg prosjekt som involverer berekraftig utvikling og der elevane får erfare kva berekraft betyr både i teori og i praksis. At borna får lære å bli glade i naturen og alt som lever heilt frå dei er små, er det beste grunnlaget vi kan gje dei for å vere med å løyse miljøproblema når dei blir store. Ei slik opplæring er både god pedagogikk og berekraftig undervisning i praksis!

Lommerusk for Kinn, men tap for barna og tap for bygda?

Ein pressa kommuneøkonomi er ei av grunngjevingane for å legge ned grendeskulane, sjølv om det ser ut til å råde full forvirring om innsparingane. Sidan storparten av kostnadane til skulane er løn, er det lite eller ingenting å spare på å legge ned grendeskulane. Bygdene og barna har derimot mykje å tape. Å legge ned grendaskulane betyr at bygdas barn mistar tilhøyr og tap av kulturell identitet til heimstaden sin. Det betyr også at alle barna frå det store geografiske området i den søraustlege delen av Kinn for ettertida vil vere elevar ved skulane i sentrum, ei sentralisering vi aldri har sett maken til i vår del av kommunen.

Det vert hevda at bygdene kan klare seg godt om skulane vert borte. Dessverre viser både norsk og internasjonal forsking det motsette. Den kanadiske sosiologiprofessor Thomas Lyson har for eksempel vist i eit studie at skulenedlegging kan medføre at bustadverdiane i bygdene går ned med 25%, kvaliteten på infrastruktur blir dårlegare, nokre flyttar frå bygda når skulen vert nedlagt og ei bygd utan skule taper i konkurransen om tilflytting (Gaustad, 2018).

Både elevar, foreldre og tilsette ved skulen vår har vore gjennom ein lang og opprivande prosess, som også har vore vanskeleg på grunn av pandemien og det faktum at mange av dei nye politikarane i kommunen ikkje har hatt anledning til å bli kjende med bygdene i søre Kinn.

Vi ber politikarane tek omsyn til barnas beste og folket i distrikta og let grendeskulane leve slik foreldra ber om. Det vil kommunen neppe tape på!