«Utanforskap er kanskje den største trusselen i vårt velferdssamfunn»

Stein Robert Osdal, fylkesleiar i Partiet Sentrum Vestland. 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Stein Robert Osdal, fylkesleiar i partiet Sentrum Vestland.

Vi gir alle ein moglegheit

Valkampen er i gang, partia kjemper for sine saker og ein overgår kvarandre for å vekke interesse. Samtidig ser vi ein dalande tillit til demokratiet. Folk er lei, lei krangling, lei kjekling, lei dei meiningslause debattane der målet er å overgå kvarandre.
Folk er engasjerte, folk ynskjer å delta, folk er opptatt av sitt lokalsamfunn, sitt land og verden omkring. Vi ser det på Moria-barna, vi ser det på klima-kampen, vi såg det på Black lives matter.

Partiet Sentrum er ein nykomling i partifloraen, nokon har dømt oss nord og ned, nokon heier på oss, men stemmer på andre partier, kjempebra. Nokon har meldt seg inn og nokon heier veldig på oss, suverent. Engasjementet vi opplever skaper motivasjon. Vi er små, men vi er å rekne med. Kanskje vi ikkje kjem inn på tinget til årets Stortingsval, men til valet i 2023 og 2025 skal vi verte sterke.

Kva er vårt bodskap? Vi ynskjer å gje alle ein moglegheit. Kva betyr det? Utanforskap er kanskje den største trusselen i vårt velferdssamfunn. 8 % av ungdom går ut av vidaregåande og inn i uføretrygd. Mange mennesker med en funksjonshemming ynskjer seg inn i arbeidslivet, men møter så mange stengsler. Mange av våre nye landsmenn vert ikkje kalla inn til intervju fordi namnet er Muhammed eller Ali. Lista over dei som ikkje har dei same moglegheitene som mange av oss har er lang. Kampen mot utanforskap må tas konkret på mange ulike felt for at vi skal lykkast, som f.eks innanfor helsepolitikk, bustadpolitikk, økonomisk fordeling og skule. Vi vil ha meir enn bare ord om eit varmare samfunn – vi ønsker ein ny kurs som bygger ned forskjellar. Forskjellar skapar avstand mellom oss. Ein avstand vi ikkje har plass til.

Klimakampen er kanskje den største utfordringa som vi har. Vi opplevde partier på Stortinget som var meir opptatt av eigne standpunkt enn å jobbe for ein brei semje som forpliktar, dette er trist. Partiet Sentrum ynskjer å jobbe breitt for å at vi skal nå våre klimamål. Det oppdraget har vi fått frå dei som kjem etter oss og frå dei som allereie opplever klimakrisa på kroppen.

Tilliten til det politiske system er fundamentet for vårt demokrati. Utan denne forvitrar det som vi har så kjært. Ein av politikarane si fremste oppgåve er å forsvare demokratiet. Vi gjer det ikkje med å skape splid i mellom bygd og by, mellom våre nye landsmenn og vi som har vert er sidan fødselen. Det politiske system i Norge har sidan 1905 vert bygd på konsensus-modellen. Der dei store sakene vart spikra mellom partier som sto eit stykke i frå kvarandre. Vi må børste støv av denne igjen for å vinne tillit i befolkninga. Partiet Sentrum kjempar for dette.

Partiet Sentrum vil ta opp kampen mot populistiske og innvandringskritiske strømningar. 50 er langt fra nok – og vi har ikkje nok med oss sjølv. Norge må stille seg i front for europeisk og internasjonalt samarbeid som gjer at mennesker i nød og på flukt kan finne ein trygghet og eit sted å skape ein framtid.

9. mai i år vil partiet Sentrum ha vedtatt ein heilskapleg politikk. Vi ynskjer å vere ei motrøst og håper du støtter oss i dette.