«Eg trur du er trygg om du kallar fjellet Brurahornet og ikkje noko anna»

Dette lesarinnlegget er skrive av Leif-Victor Oppedal  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Leif-Victor Oppedal

Gotterøysa og Brurahornet

Brurahornet er eit staseleg byfjell. Skal tru om Brurahornet er brura til Veten? Ver gild å fortelja oss om namnet, den som kjenner opphavet.

Som tiåring kom eg til Måløy i 1940 og drog derfrå i 1952. I desse åra høyrde eg aldri noko anna namn på dette fjellet enn Brurahornet.


Hva heter dette fjellet, egentlig? Og hva bør den øverste toppen hete? Turlaget vil gjerne ha din mening

Egil Kvalheim i Ytre Nordfjord Turlag (YNT) er på jakt etter forslag til navn på den øverste toppen på fjellet Brurahornet. Sammen med Veten er Brurahornet en av de to karakteristiske toppene som symboliserer Måløy. Eller er det Gottrøysa fjellet egentlig heter?


Eit horn er noko som stikk opp. -hornet eller -horn er kjent som ending i namnet på andre vestlandsfjell. I Norsk Etymologisk Ordbok finn vi at røys tyder «(sammenkastet) steinhaug», og vidare: «Det vil si at røys egentlig betyr «noe nedstyrtet, sammenrast»». Dette høver dårleg for Brurahornet.

Oppi Brurahornsida, straks nordom Gotteberg ligg det ei stor røys. Er det ikkje denne som er Gottrøysa? Kan hende har eit barn peikt opp i fjellet og spurt «Ka heite det?» og meint fjellet, og ein som var større har trudd at spursmålet galdt røysa og svara «Gottrøysa». So har denne mistydinga spreidd seg.

Eg trur du er trygg om du kallar fjellet Brurahornet og ikkje noko anna.


Bli med frikøyrarane på tur frå Brurahornet til Gate 7

– Det er frykteleg sjeldan at ein kan drive med frikøyring på Brurahornet på Vågsøy. Som regel må ein lenger inn i fjorden. Men tysdag hadde eg og Martin Leite Gilleshammer full klaff, fortel Petter Lund Wåge. Her kan du sjå filmen som er resultatet etter tysdagens tur der dei kunne køyre frå toppen og heilt ned i Gate 7 i Måløy.