«I 2021 er det på tide å halde fana med «Leave no one behind» aller høgast»

1.mai, arbeidarane sin markeringsdag  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Gunnvor Sunde, førstekandidat for Partiet Sentrum, Sogn og Fjordane

1. mai - arbeidarane sin markeringsdag

I 2021 er det på tide å halde fana: «Leave no one behind» aller høgast.

Heilt frå 1890 har 1. mai vore dagen der arbeiderar over heile verda har markert seg og stilt politiske krav.

Tanken med ein slik internasjonal dag er også å arbeide for samhald og solidaritet og kjempe mot dei som krenkar menneskeverdet og motarbeider rettferdig fordeling.

I det politiske prosjekt til Partiet Sentrum er det tre saksfelt som står sentralt: mangfald og inkludering, fellesskap og sosial rettferd, klima og miljø.

Forskjellane aukar stadig, arbeidslivet og rettane for dei tilsette er utsett for press.

Sentrum er eit blokkuavhengig sentrumsparti. Vi legg FNs berekraftsmål og menneskerettserklæringa til grunn for utforming av all politikk. Vi hentar inspirasjon frå fellestrekka i sosialdemokratisk, kristendemokratisk og kristensosialistisk tenking.

«Leave no one behind» FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap, stoppe klimaendringane og ta vare på det biologiske mangfaldet.

Den politiske handlingsplanen vår vil ta utgangspunkt i at FNs berekraftsomgrep må ligge til grunn for all politikkutforming: sosial, økonomisk, klima- og miljømessig berekraft. Det må ligge til rette for ei utvikling som respekterer naturen si berekraft og som kjem dagens behov i møte utan å øydelegge for komande generasjonar. Til grunn for berekraftsmåla ligg det ei fordelingsmessig forplikting uttrykt i den overordna målsetninga om «leave no one behind». Dette inneber ei særleg vektlegging på at utsette eller sårbare grupper i samfunnet, nasjonalt og internasjonalt, skal få det betre. Ein føresetnad for å lukkast med ei omstilling til et berekraftig samfunn er at innbyggarane har kunnskap og haldningar som bidreg til å endre livsstil og politikk. Vi vil difor utruste og vidareutvikle forskings- og utdanningssektoren med vekt på å bidra til å skape eit berekraftig samfunn.

Vi er alle avhengige av at sivilsamfunnet, miljørørsla, fagrørsla og næringslivet samarbeider med offentleg sektor om å forme ei berekraftig framtid.

Til lukke med dagen!