«Vi opplever at dette direktoratet oppfører seg som ei diktatorisk makt, ein «Guddom», i det dei fleste av oss trudde var eit velfungerande demokrati»

«Vi opplever altså at dette direktoratet oppfører seg som ei diktatorisk makt; ein «Guddom» i det dei fleste av oss trudde var eit velfungerande demokrati»  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Bård Fløde v/ Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad

Guddommen i Staten

Vi trur vi lever i eit av verdas beste demokrati. Vi trur på dette inntil vi får oppleve at so ikkje er tilfelle. Til vi opplever sterke element av diktaturet i midten av denne idyllen. Til vi opplever «Staten i Staten» eller nærare ein «Guddom» som står høgt heva over demokratiske spelereglar. Ein Guddom som står over, og er uavhengig av regjering, Storting og departement. Ein Guddom som sjølvaste statsministeren ikkje har noko makt over.

Vi har lært at ein Guddom er ufeilbarleg: at Guddommen ikkje kan ta feil –i alle fall aldri innrømme å ta feil –å gjere feil. I Okla-saka har vi erfart gong på gong at dette er rett. Når «Guddommen» NVE har talt, finst det ikkje noko mynde i demokratiet som kan overprøve avgjerda.

På papiret er Olje- og energidepartementet (OED) ankeinstans overfor Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine vedtak. I praksis opplever vi gong på gong at ei anke på avgjerder i NVE, i realiteten ikkje blir vurdert av dette departementet. I Okla-saka har vi opplevd fleire døme på dette. Det første, og dramatisk avgjerande dømet, finn vi i OED sitt dokument av 12. juni 2015 der departementet handsamar klagene på NVE sitt konsesjonsvedtak om Okla. Dokumentet synleggjer tydeleg at departementet si «klagehandsaming» ikkje er verd papiret det er skrive på. Her blir alle argument mot Okla-konsesjonen imøtegått og lagt døde ved at OED berre gjentek NVE sin argumentasjon . Det er i dette dokumentet vi ser korleis OED godkjenner NVE si manipulering med dei etter kvart så kjende fagrapportane, der ein dårleg og overfladisk rapport slår ihel ein grundig fagrapport –berre med argumentasjonen om at den syltynne rapporten, er nyare!

Eit ferskare døme på dei tette banda mellom «Guddommen» NVE og departementet, fekk vi i Okla-saka i januar 2020 – etter at Selje kommune hausten 2019 ba NVE gjennomgå Okla-konsesjonen på nytt. NVE «gjennomgjekk» konsesjonen utan å ta inn ny kunnskap. Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad med fleire klaga på NVE sitt vedtak/ konklusjon om at det ikkje føreslå ny kunnskap som kunne gje grunnlag for ny vurdering av konsesjonen. Klagene gjekk etter regelverket til OED etter at NVE ikkje etterkom desse. Vi opplevde så at vi fekk tilsendt NVE si avgjerd og ankeinstansen sitt svar på same dag! Så mykje for ankeinstansen si grundige vurdering!

Det føreligg etterkvart svært mykje ny kunnskap om konsekvensane av vindkraftutbygging! Det er etter kvart svært mange personar og instansar som tek til ordet for skandalen som er i ferd med å skje på Stad-fjellet. Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad har gjennom snart to år prøvd å få både NVE, OED og andre tenkte avgjerdsinstansar til å verkeleg sette seg inn i og vurdere dette inngrepet i ikonisk norsk natur. Det har vore som å pisse i motvind! Vi opplever gang på gang at NVE er høgt heva over det norske demokratiet – og at OED berre er sandpåstrøar av NVE sine vedtak og vurderingar. Vi opplever altså at dette direktoratet oppfører seg som ei diktatorisk makt; ein «Guddom» i det dei fleste av oss trudde var eit vel fungerande demokrati.

No har denne «Guddommen» igjen gjort brukt av makta si: når utbyggjar av Okla vindkraftverk, vel eit halvår før ferdigstillingsfristen, innser at fjellet der turbinane etter planen skal stå, ikkje er fjell, men ein morenerygg –ei steinrøys, får dei løyve til å endre planane frå fjellfaste til enorme betong- og stålkonstruksjonar i grunnen. Og dette skjer utan at endringa blir sendt ut på høyring.

«Guddommen» ivrar for at utbyggjar skal rekke å få ferdigstilt anlegget innan fristen – og hoppar elegant over demokratiske speleregler.

Slikt kan berre ein instans med uavgrensa makt tillate seg i eit demokrati: NVE føler seg jo trygg på at «klageinstansen» OED som vanleg godkjenner ukritisk «Guddommen» sine vedtak!

Svært mange fagorganisasjonar, interessegrupper og einskildpersonar har no sendt inn klage på dette vedtaket, denne framferda, denne overkøyringa av demokratiet, denne horrible arrogansen til dette «Guddommelege» direktoratet! Det er sendt inn grundige og godt faglege grunngjevingar for at NVE sitt vedtak bør settast til side.

Mange er dermed spente på korleis ankeinstansen OED vil handsame desse klagene. Ikkje alle er like spente: vi tenkjer diverre at «Guddommen» igjen vinn fram –og at NVE sitt vedtak ikkje blir omgjort av OED, men tvert imot får den tradisjonelle sandpåstrøinga.

OBS: Forvaltningslova §34: «Tas klagen under behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter. Den skal vurdere de synspunkter som klageren kommer med, og kan også ta opp forhold som ikke er berørt av ham. Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge stor vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn. Det skal fremgå av vedtaket hvordan klageinstansen har vektlagt hensynet til det kommunale selvstyret»