«Endrar vi opsjonsordninga kan det vere alt nokon treng for å flytte frå storbyen til Måløy, Florø, Eid eller Sogndal»

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.

Gjennomslag for gründerverksemdene våre!

Tidlegare i vinter tok eg til orde for at opsjonsordningane i oppstarts- og vekstselskap måtte bli betre. Eg og fleire har engasjert oss i dette, og nå endrar regjeringa reglane! Nå får vi ei ordning som vil gjere det mykje meir attraktiv å blir medeigar i bedrifter. Det vil gjere det lettare for bedriftene våre både å halde på og å rekruttere medarbeidarar.

Eg har i lang tid hatt godt kontakt med mange nystarta gründerverksemder i Sogn og Fjordane, og kjenner godt til at ein av hovud-utfordringane deira er å greie å rekruttere dyktige medarbeidarar. Ei av desse er INTIN AS, som er eit oppstarts- og vekstselskap som heldt til på Peak Sunnfjord. Dagleg leiar Hugo Mølmesdal fortalte då på eit møte med underteikna og NRK om dei utfordringane selskapet har med å greie å rekruttere nye medarbeidarar, særleg innan programmering.

INTIN AS – som har god driv, vekst og suksess – var då klare på at ei god opsjonsskatteordning kan vere eit viktig verktøy for å trekke til seg nye, attraktive medarbeidarar. Selskapet var òg klare på at dagen ordning ikkje var godt nok, og kom med forslag til forbetringar.

Nå kjem endringane. Skattleggingstidspunktet blir utsett til den tilsette sel aksjane sine, vinsten blir skattlagt som kapitalinntekt og den gunstige ordninga blir utvida til å gjelde mange fleire verksemder.

Det å kunne tilby nye medarbeidarar eigarskap i bedrifta er ein god og effektiv måte å rekruttere nye medarbeidarar. Ein slik sjanse vil kanskje nettopp vere det som skal til for at ein tilsett torer gå frå ein sikker og godt lønna jobb (i ein storby) til ein lågare betalt jobb i eit nystarta, men spennande gründerselskap (i distrikta).

Når opsjonsordninga nå blir endra, vil det å kunne tilby nye medarbeidarar eigarskap altså bli mykje meir attraktivt. Det kan vere heilt avgjerande for at bedriftene våre skal lykkast for å få tak i gode folk. Ja, kanskje vil det vere det siste argumentet ein frå Oslo og Bergen treng for å flytte til Sogndal, Eid, Måløy, Florø eller ein av dei andre tettstadene, byane eller bygdene vi har.