«Høyrde eg små forskjellar?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt.  Foto: Siri Kolseth

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt.

Høyrde eg små forskjellar?

Onsdag den 5. mai skal stortingspolitikarane på nytt vurdere si eiga løn. Den er svært høg; tett opp under millionen. Det er faktisk slik at våre folkevalde på Stortinget er blant dei 10 prosent best betalte i landet.

Mange av desse, i alle fall på den raud-grøne sida har i sine 1. mai-taler snakka om kor viktig det er å få ned forskjellane i samfunnet. At gapet berre aukar og at no er det arbeidsfolk sin tur. Det er sjølvsagt eit omfattande og mangesidig arbeid å få gjort veg i vellinga med dei urettferdige ulikskapane i samfunnet. Mellom anna handlar det om å respektere dei ulike partane og rollene i arbeidslivet. Så det er ikkje alltid berre å gjere vedtak i Stortinget for å rette opp ting. Men akkurat i denne saka så er det faktisk det. For ulikt så mange andre så er det faktisk politikarane på Stortinget som bestemmer si eiga løn. Og dei har auka den jamt og trutt, langt meir enn andre grupper i samfunnet. Ja, utanom direktørar og finansfolk og slike, då. Så då kan vi vel forvente at det denne gongen blir gjort noko med saka?

Raudt har gjentekne gonger føreslege å setje ned Stortingsløna kraftig. Ingen andre parti har vore villige til å redusere. Ingen.

Raudt vil i første omgang kutte med 20 prosent og binde løna opp til grunnbeløpet i folketrygda.

Så registrerer vi at SV no har skifta syn og vil redusere. Ikkje like mykje som Raudt, rett nok. Men det er uansett svært gledeleg. Så kva med Ap? Så langt er det tyst frå den kanten. Eg var for kort tid tilbake i diskusjon med Torbjørn Vereide, Ap sin 1. kandidat om dette med forskjellar og lønsadel i Noreg og då bedyra han at Ap vil kjempe for å få ned forskjellane. OK, Torbjørn: Kan vi forvente at Ap denne gongen blir med på å få denne godtgjersla i alle fall lågare enn gruppa for dei 10 prosent best betalte?

Og Senterpartiet? Vi ser i media at Nils T. Bjørke, Sp har uttala seg om dette og han går langt i å forsvare at løna bør vere så høg som den er. For å sitere han frå NRK: – Vi har en god lønn på Stortinget. Det er det ikke tvil om. Men det er ikke et vanlig arbeid. Det er et tillitsverv som du har hele tiden, og man har ikke vanlig fritid som andre. Du er politiker året rundt og hele tida (NRK). Lurer på korleis bøndene oppfattar eit slikt utsegn i desse jordbruksoppgjer og bondeopprørstider. For bonde er jo ikkje noko ein er heile tida, året rundt liksom.

Det er jo lov å håpe på eit anna resultat denne gongen. Men eg er redd det gamle ordtaket ”Ønsk i den eine handa, og spytt i den andre; og sjå så kva hand du får mest i”, blir meir dekkande.

Det trengst eit sterkare og større Raudt på Stortinget til hausten!