«Vi må ha konkrete tiltak som legg til rette for heim- og tilflytting»

William Dalsbø er tredje kadidat på Kristeleg Folkeparti si stortingsliste for Sogn og Fjordane valkrins  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av William Dalsbø, tredjekadidat på Kristeleg Folkeparti si stortingsliste for Sogn og Fjordane valkrins:

Vi må ha konkrete tiltak som legg til rette for heim- og tilflytting

Under KrF sitt landsmøte denne helga tala eg for at vi må ha konkrete tiltak som legg til rette for heim- og tilflytting, næringssatsing, ja utvikling og satsing i distriktet. Dette er ei viktig sak for Vestland KrF med Tore Storehaug, Trude Brosvik, og meg som dei tre øverste på KrF si stortingsliste frå Sogn og Fjordane-regionen.

Dette var mitt fyrste Landsmøte. Eg var veldig spent, og vi i delegasjonen frå Vestland KrF hadde førebudd oss godt på førehand. Av alle dei 98 endringsframlegga vi hadde til programmet, vart 66 vedteken politikk. Vestland KrF fekk inn ein knallgod distrikts- resolusjon, med konkrete tiltak for verdiskaping og busetjing i heile Noreg. I tillegg fekk Dag Inge Ulstein (Hordlaland) inn ein viktig resolusjon om betydeleg auking på psykisk helse, noko som er viktigare enn nokon gong, no under og vidare etter pandemien.

Eg tala for eit tilleggspunkt i distriktsresolusjonen som lyder slik: «KrF vil forenkle og effektivisere byggeprosessar slik at kommunane si behandling og godkjenning av byggeklare tomter ikkje verkar unødvendig fordyrande eller tidkrevjande. Det kan må gjerast med differensierte krav i plan- og bygningslova ut i frå press på areal, og med at det offentlege tar ansvar for at geolog avklarar rasfare på byggeområde.»

Her tala eg for eit forslag til løysing å ha ein offentleg tilsett geolog. Det kan gjerne vere eit spleiselag mellom kommune, fylke og stat, som kartlegg store deler av kommuna om gongen. Då slepp ein som enkeltperson å leige inn konsulenttenester for utgreiing for skred, flaum eller kvikkleire, og må betale raskt 100-150 000kr. Dette gjeld heim- og tilflyttarar som vil byggje og bu, grûnderar som vil satse på næring, eller utvide, til og med lokale som berre ynskjer eit lite tilbygg, eller skilje ut eit hus eller tomt til nokon som er kjøpeklare. Med å utgreiie, og innføre denne løysinga, trur eg vi kan snu noko som er ei direkte motvekt til vekst og utvikling i distrikta, til å aktivt leggje til rette for dei som vil noko.

Kommunen leiger idag inn konsulentar til denne type utgreiingsarbeid uansett, så det vil vere både meir effektivt, og økonomisk å ha denne kompetansen innad i kommuna. Dette er eg særs nøgd med at landsmøtet slutta seg til å få med i resolusjonen.

Noko anna som eg har sett meg både lei og skuffa over, er kor lite hensyn naturvernet har blitt teke på alvor i konsesjonane som er gitt for vindkraftutbygging på land. Her har vi vore tydelege lokalt frå Stad KrF om kva vi meinar, og eg er glad eg kan peike på vårt nasjonale program for stortingsvalet det min partileiar Kjell Ingolf Ropstad uttrykte tilbake til august 2019 at kommunane bør ha vetorett i den omstridte vindkraftplanen. Programinnstillinga lyder slik: «stramme inn behandlingen av vindkraftkonsesjoner, og styrke den lokale og regionale forankringen. Vindkraftprosjekter skal være ønsket av vertskommunene, og ha begrensede konflikter mot urørt natur og andre næringsinteresser.»

I tillegg til tydeleg og høgt prioritert distriktspolitikk, vedtok landsmøtet også mange gode konkrete tiltak for mellom anna landbruk, familie, næring, eldreomsorg og samferdsel. Eg stiller meg bak det Tore Storehaug, vår 1. kandidat på stortingslista frå Sogn og Fjordane sa i si tale til Landsmøtet: «God distriktspolitikk er god familiepolitikk».