«Eg set stor pris på at Geir Oldeide frå Raudt ønskjer å utfordre oss»

Dette innlegget er skrive av 1.-kandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.  Foto: Kristian Horpestad

Meninger

Dette innlegget er skrive av 1.-kandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, og er eit svar på innlegget til Geir Oldeide: «Høyrde eg små forskjellar?»

Arbeidarpartiet vil ha mindre forskjell på folk

Etter åtte år med mest til dei med mest frå før, må det no bli vanlege folk sin tur. Sjukeløna må forsvarast, ferjeprisen skal halverast, og fleire skal få heiltidsstilling. Ikkje minst er det på høg tid at vi får ei regjering som prioriterer eldreomsorg, skule og barnehagar framfor skattekutt til dei rikaste.

Eg set stor pris på at Geir Oldeide frå Raudt ønskjer å utfordre oss. Men i Firdaposten 5. mai er han litt uheldig. Der hevdar han nemleg at det har vore tyst frå Ap i spørsmålet om leiarløn og politikarløn. Det er nok ikkje heilt riktig, for svaret har stått i klartekst i lokalavisa. Men vi gjentek meir enn gjerne.

I fjor fekk Arbeidarpartiet fleirtal i Stortinget for å fryse politikarløna. No før påska var Jonas Gahr Støre ute med vårt krav om lønsfrys for leiarar i privat og offentleg sektor, og framleis frys for politikarane. Det er ei understreking av at vi meiner alvor: Lønsgaloppen på toppen må stoggast. No må det bli vanlege folk sin tur.

Lønsgaloppen på toppen må stoggast. Ikkje berre for dei øvste direktørane, men og for dei folkevalde som tener aller mest. Samstundes ønskjer eg å seie i klartekst at eg ikkje nødvendigvis trur at planøkonomi og Raudt-politikk er løysinga på desse utfordringane i samfunnet.

Men kampen for eit meir rettferdig Norge, den må vi ta på alvor. Etter åtte år med ein politikk der ein har prioritert dei som har mest frå før av, er det på høg tid at det no blir vanlege folk sin tur igjen.