«No gjeld det å rekruttere så mykje norsk arbeidskraft som mogleg, og det jobbar vi med»

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Birkeland Hatlenes, gruppeleiar i Bremanger Høgre (bildet) og 3.-kandidat for Høgre Sogn & Fjordane valkrets og Liv Kari Eskeland Stortingsrepresentant for Høgre og 4.-kandidat for Høgre Hordaland valkrets. 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Birkeland Hatlenes, gruppeleiar i Bremanger Høgre og 3.-kandidat for Høgre Sogn & Fjordane valkrets og Liv Kari Eskeland Stortingsrepresentant for Høgre og 4.-kandidat for Høgre Hordaland valkrets.

Åtte grep for å skaffe arbeidskraft til landbruket

Pandemien har skapt store utfordringar for landbruket. Smittevern og trong for streng grensekontroll er årsaka til at færre gjestearbeidarar får kome inn til Noreg. No gjeld det å rekruttere så mykje norsk arbeidskraft som mogleg, og det jobbar regjeringa med.

Her er åtte viktige grep regjeringa har gjort for å bistå landbruket.

Regjeringa har sytt for at personar som tek imot dagpengar og tek seg jobb i landbruket berre rapportere halvparten av timane. Slik vil det lønne seg å ta seg jobb i landbruket.

Regjeringa har sett av 140 millionar kroner til sommarjobbar for unge under 30 år på NAV. Bonden kan difor få lønnstilskot og høve til mentorstøtte for å tilsette ungdom.

Regjeringa har innført biomiddel til intern opplæring i på garden, dette kan bonden søke om via fylkeskommunane

Regjeringa har i tillegg sytt for at landbruket, som einaste næring, får sin eigne kvoteordning for å få inn arbeidskraft frå utlandet, og mange har allereie søkt Landbruks- og matdepartementet om dette. Vi ser sjølvsagt at utanlandsk arbeidskraft med spesialkompetanse også er naudsynt i landbruket, slik det er i andre bransjar.

Regjeringa ser at situasjonen skaper mykje ekstraarbeid og uro hjå bøndene. Regjeringa har difor lagt til rette for at bonden ikkje skal bere risikoen aleine og har vidareført ordninga frå i fjor; avlingsskadeerstatning basert på manglande arbeidskraft vert innvilga.

Regjeringa har sytt for at utanlandske arbeidarar som er i landet har fått forlenga opphaldstillatinga sin, og koronafaste arbeidarar frå tredje land har fått fornya opphaldsløyve.

Regjeringa har også lagt til rette for ein tettare dialog mellom NAV og næringa for å finne norsk arbeidskraft. Kvart fylke har difor ein egen kontaktperson opp mot landbruket, og landbruksorganisasjonane jobbar tett opp mot NAV for gode tiltak og kvalifisering av arbeidskraft.

Regjeringa setter også av 40 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til opplæring av norske sesongarbeidarar.

Vi må framleis ta på alvor situasjonen vi står i, og må halde fram med strenge innreisekrav for å hindre smitte. Dette er utfordrande for bonden, og vi gjer det vi kan for å finne gode løysingar saman med organisasjonane.