FNs internasjonale familiedag

«Ikkje gå tilbake til det stresset som det er for mange når ein skal rekke mange fritidsaktivitetar»

Dette lesarinnlegget er skrive av Aina Alfredsen Førde, leiar i Norges Kvinne- og familieforbund.  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Aina Alfredsen Førde, leiar i Norges Kvinne- og familieforbund.

FNs internasjonale familiedag 15. mai

Dagen vart vedtatt gjennom ein resolusjon frå FNs generalforsamling i 1993 etter initiativ frå Noregs kvinne- og familieforbund, og vert markert 15. mai kvart år.

Den internasjonale familiedagen understrekar den viktige rolla familien har i å skape trygge og gode liv.

Det siste året har vore annleis for oss alle, og vi har måtte tenkje nytt på mange måtar. Den langvarige covid-19 pandemien demonstrerte viktigheita av digital teknologi for arbeid, utdanning og kommunikasjon. Mange har hatt heimekontor, skulebarn og studentar har hatt heimeundervisning. Dette har vore positivt for nokre, men ei stor utfordring for andre. Undervisning skal tilbake til skular og utdanningsstader, men vi har lært at vi kan gjere ting digitalt.

Vi har og lært oss nye måtar å halde møte på, utan å reise. Dette må vi ta med oss vidare, den digitale verda gjer at avstandane vert små og at vi kan møtast utan å vere på same plass.

Det som no er viktig er at vi har tatt lærdom av den tida som har gått.

Mange familiar har vore mykje meir saman, ikkje hatt stress med mange fritidsaktivitetar ein skal på kvar dag. Då er det viktig at familiane tek tida tilbake etter pandemien og.

Ikkje gå tilbake til det stresset som det er for mange når ein skal rekke mange fritidsaktivitetar, vel unna nokre aktivitetar. Vær meir saman som familie, finn på ting ilag som ein familie sånn som ein har måtta gjort under pandemien.

La foreldra bestemme sjølve kva som er best for deira familie. Når det gjeld foreldrepermisjon, ikkje tving mor ut igjen i arbeid dersom barn og mor ikkje er klar for det. La foreldra velje kontantstøtte dersom det er rett for familien.

Barna våre og familien er det viktigaste vi har, la dei foreldra som ønskjer meir tid saman med barna når dei er små få lov til det.

Det er viktig med gode fleksible løysingar til det beste for familien!

La foreldra fordele foreldrepermisjonen sjølve og behald kontantstøtta!

Valfridom!