«Gjer Stad skipstunnel til verdas største kunstprosjekt»

Dette innlegget om Stad skipstunnel er skrive av Fridtjov Urdal. 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Fridtjov Urdal:

Sidan no Maginot-lina (Stad skipstunnel) fyrst skal byggjast er det ingen grunn for å ikkje gjera det med stil. Fyrste fullskala (finst det halv skala?) skipstunnel 1700 m lang, 36 meter brei og 50 meter frå botnen til topp med fjellflytting på 3 mill m³, til ein kostnad av 3 milliard. Dette verkar svært rimeleg i høve kostnaden med nokre få km gang og sykkelveg langs til dømes E39, men slikt har eg heldigvis ikkje greie på.

Men same kva ein måtte meine. Skipstunnelen ser ut til å kunne verte bygd. Når så fyrst gale skal vere må det verta gjort så godt og skrytande som råd er. Det har vore nemnt at dette kan verta turistmål. Det vert det og i den mun om far-doningen deira tek tunnelen. I følje dei utlagde draumebileta ser det ikkje ut til å vera smått med utsyn og anna å sjå på. Det likna ein sjukehus gong frå 1960-talet.

Tunnelen ser ut til å ha det sams med dei fleste andre tunnelar: Dei har lukkast betre til gjennomreise enn som reisemål. Nett det er noko ein kan og bør gjera noko med. Eit tunnel i verdsklasse bør vekkja merksemd i vidare krinsar en hjå ingeniørar, sprengjarar og sementblandarar. Her har våre verk og vesen eit umissande høve til å vekkja merksemd, verda over. Stad skipstunnel bør og kan verta eit av verda største utsmykkings oppdrag.

Om ein tek det ovan m² som på flo er over vassyta er det på godt over 163.000 m². Om ein og tek med eit belte frå høgste til lægste vasstand (det tykkjer eg er rimeleg) vil det auka utsmykkingsflata med 6800 m². Samla tilsvarar dette helvta av Frognerparken. Dette vil i storleik vere å likne med stasjonane i Moskva metro og gjera St. Peters-kyrkja til mest som eit kapell å rekne.

Eg skal halda meg ifrå å komma inn på kva utsmykking som kan vere på tale. Det lyt verta opp til ei fagkunnig nemd. Her er det alt å vinne på å gå på øvste hylla både nasjonalt og internasjonalt. Det bør lysast ut ei internasjonal tevling om dette oppdraget. Slike prosessar skaper interesse over den vide verd og det hjå folk som er både reisande og betalande. Og sist men ikkje minst, det er ei gåve og ære til dei som fer der i sit daglege yrke. Om ein er heldig kan det verta ein merkestein i kunstsoga. Eller ein storslegen fiasko, både delar gjer folk forvitne. Det siste kan hende meir enn det fyrste. Brukar ein nokre titals, helst hundretals, millionar er det ei kulturinvestering for hundre- og tusenår.