«Nei til EU vann fram»

Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane NtEU, og er referat frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane NtEU, og er referat frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU:

Nei til EU vann fram

Eit solid fleirtal i Høgsterett slo 1. mars fast at «domstolene må kunne prøve om Stortinget har gått frem i samsvar med Grunnlovens bestemmelser» når det gjeld tilpassing av norsk rett til EU sin indre marknad på området energiforsyning.

Bakgrunnen er det omstridde stortingsvedtaket 22. mars 2018, da Stortinget vedtok at EU sin 3. energimarknadspakke skulle inngå i EØS-avtalen. Vedtaket blei gjort med alminneleg fleirtal etter § 26 i Grunnlova.

Nei til EU meiner dette var grunnlovsstridig, at behandlinga skulle vore gjort etter § 115 som krev ¾ fleirtal og reiste søksmål mot staten.

To lågare rettsinstansar avviste kravet, men Høgsterett var usamd. No blir det nye rundar i rettssystemet, og prosessen kan ta fleire år.

I mellomtida jobbar EU for fullt med å fullføre EU sin energiunion, og fire forordningar som styrkar energibyrået ACER si makt, ligg no til handsaming i Stortinget.

Viss ikkje denne prosessen straks blir stoppa, er det stor risiko for at Stortinget vil innlemme desse forordningane i EØS-avtalen, med heimel i dei ulovlege lovendringane i Energimarknadspakke 3 og på ein like grunnlovsstridig måte.

Inntil det blir ei endeleg rettsleg avklaring i forhold til grunnlova, tar Nei til EU det for gitt at Stortinget og regjeringa sørger for at:

  • Ingen nye regelverk i tilknyting til energivedlegget i EØS-avtalen blir behandla av Stortinget før det er avsagt rettskraftig dom i ACER-søksmålet
  • Noreg i EØS-komiteen, må avslå all handsaming av komande rettsakter i tilknyting til Energipakke 3 og 4

Dersom Stortinget likevel insisterer på å fatta nye vedtak som kjem inn under EU sin energiunion, er minstekravet at behandlinga skal vere etter § 115 i Grunnlova, og denne krev ¾ fleirtal.