«Senterpartiet, inkludert mi eiga stemme, har stått samla om Lestovika»

Dette innlegget er skrive av Paul Jacob Helgesen, som et tilsvar på innlegget til Dag Austring.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Meninger

Dette innlegget er skrive av Paul Jacob Helgesen, som et tilsvar på innlegget til Dag Austring:



Formannskapet fatta samrøystes vedtak på alle punkt i saka, inkludert Lestovika. I vurderingsnotatet frå kommunen var Berstad omtalt, og administrasjonen villa ha innspel. Eg var ikkje med å handsame saka fordi eg er bror til Per Helge Helgesen som er grunneigar. Det er heller ikkje noko mystisk ved at eg kjente til at det ville kome eit framlegg.

Eg fekk e-post som gikk ut til gruppeleiarane i mindretalet i formannskapet før møtet. Alle politikarane i formannskapet var difor kjende med forslaget. E-posten sendte eg naturlegvis vidare til vår nest-gruppeleiar med informasjon til avsendar om at eg hadde bedt om å få habiliteten vurdert.

Slik eg forstår innlegget meinar han at eg totalt har neglisjert Senterpartiet sitt program, forrådt mine veljarar, og mine partikollegaer ved å ikkje ville arbeide for programpunktet om Lestovika. Dette er feil.

Protokollane i Stad kommune syner at Senterpartiet inkludert mi eiga stemme har stått samla om Lestovika, og at vi er det partiet i kommunestyret som ved fleire høve har fremja Lestovika i denne kommunestyreperioden.

Eg tykkjer det er leit at Dag Austring i tillegg prøver å lage eit inntrykk av at det politiske miljøet ikkje ynskjer mindre aktørar innan fiskeri. Innlegget frå Austring tillegger folk meiningar dei ikkje har. Eg trur ingen har meint å snakke ned sjarkfiskarane i denne saka, heller ikkje Gunnar Silden. Dette er å konstruere ei konflikt som ikkje finnast.

Eg håper dei som har ein sjark, eller som har ein draum om å leve av fiskeri i framtida ser at det ikkje er slik og grip tak i moglegheitene som ligg i det samla vedtaket i formannskapet.

For det som er viktig no er at konstruktive krefter blant dei som har framtida si innanfor fiskeri:

  1. Nyttar moglegheitene i dei prosessar som allereie er satt i gang for å løyse behova til fiskeaktørane på kort sikt. For det er kjempeviktig å legg til rette for at det blir meir attraktivt å vere og etablere seg som sjarkfiskar i Selje. Og dette er noko som ikkje skal/treng vente til bygging av Stad Skipstunell.
  2. Utnyttar moglegheitene som ligg i formannskapet sitt vedtak og engasjerer seg i utvikling på eit framtidig område i Lestovika som er tenleg for behova på lang sikt. Vedtaket frå formannskapet er jo ein invitasjon til å jobbe på lag med kommunen!