«Det er tillagt meg meiningar som er tvert imot det eg meiner»

Dette innlegget er skrive av Gunnar Silden som eit svar til Dag Austring.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette innlegget er skrive av Gunnar Silden som eit svar til Dag Austring:







Svar til Dag Austring

Sidan mitt namn er nemnt i et lesarinnlegg og i det er tillagt meg meiningar som er tvert imot det eg meiner, ser eg det nødvendig å gje et tilsvar til påstanden frå D. Austring.

Under diskusjonen i formannskapet hadde eg et framlegg om å ta ut setninga «Kommunen ynskjer eit samarbeid med lokale private aktørar i gjennomføringa av dette forprosjektet».

Årsaka til at eg ville ha det vekk var at forskjellen på næringsområdet på Stadlandet (som også har den setninga i vedtaket) allereie består av etablerte bedrifter, mens Lestovika blir et helt nytt prosjekt kor det i dag ikkje er noko etablert næring utanom ei kai som er eigd av fleire og som fleire av fiskarane leiger plass av.

Min intensjon var då at kommunen tok seg av forstudie både planmessig og økonomisk sidan der ikkje var noko etablert næring i det aktuelle området, men meiner D. Austring at det er aktørar som vil bidra til forstudiet so er det ingenting som er betre enn det, då reknar eg med at administrasjonen har kontroll på det.

Eg støtter fult opp det som gruppeleiaren i SP på ein god måte samanfattar om den politiske gangen i område Lestovika og P.J. Helgesen sitt heilhjarta engasjement for å få Lestovika på plass som framtidig område for fiskarane i Stad kommune.

Eg skal vere helt klar på at Lestovika er det klart føretrekte område for framtidig fiskeriaktivitet både frå meg og Venstre.

Eg tillèt meg å gjengse vedtaket som vart gjort i formannskapet.

«Fleirbrukskai og næringsareal Moldefjorden: Formannskapet ber om at administrasjonen startar ein forstudie som vurderer moglegheitene (planmessig og økonomisk) for etablering av ei fleirbrukskai og næringsareal i Moldefjorden, fortrinnsvis områda Lesto/Hatlenes. Kommunen ynskjer eit samarbeid med lokale private aktørar i gjennomføringa av dette forprosjektet».