«Vi er meir enn eit lager av sjukehussenger, talande klokker, rullestolar og dusjhandtak»

Meninger

Dette innlegget er skrive av Heidi Sårheim, seniorrådgjevar arbeidsliv, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde:

Vi bidrar til arbeidsinkludering

For oss som jobbar på NAV Hjelpemiddelsentral er arbeidsinkludering ein del samfunnsoppdraget vårt;

«Vi gir menneske mogelegheiter»

I følge Norges Handikapforbund står så mange som 104 000 menneske med nedsett funksjonsevne utanfor arbeidslivet og ynskjer seg ein plass inn. Denne gruppa utgjer i seg sjølv store ressursar og eit stort potensiale i ein hardt pressa arbeidsmarknad.

I tillegg til alle dei som står utanfor arbeidslivet opplever mange av oss helseplager som påverkar arbeidskvardagen vår i større eller mindre grad; synstap, høyrselsutfordringar, muskel og skjelettplager, kognitive endringar, problem med hukommelse og tidsforståing, konsentrasjonsvanskar, lese og skrivevanskar etc.

Nedsett funksjonsevne treng ikkje bety nedsett arbeidsevne, snarare tvert imot, svært mange kan jobbe- gitt litt tilrettelegging.

NAV Hjelpemiddelsentral tilbyr veiledning og oppfølging rundt arbeidsdeltaking, tilrettelegging, hjelpemiddel og ulike assistanseordningar. Vi samarbeider med Nav-rettleiarar, jobbspesialistar, bedriftshelseteneste, tiltaksarrangører, utdanningsinstitusjonar og andre som er involvert i den arbeidsretta oppfølginga, med eitt mål for auge; å bidra til auka deltaking i arbeidslivet og lågare sjukefråvere. Vi er eit ressurs og kompetansesenter og våre fagrådgjevarar som er fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar, teknikarar og teiknspråktolkar sit alle på ekspertkompetanse om tilretteleggingsmogelegheiter.

Vi kan feks bidra med lydutjamningsanlegg for skuleelevar og lærarar med nedsett høyrsel, mikrofonløysinger slik at den høyrselshemma avdelingsleiaren kan få fullt utbytte av å delta i avdelingsmøtet og varslingsknappar til å ha i lomma for at den høyrselshemma verkstadarbeidaren og skal kunne få melding om brannalarm og evakuering.

Teiknspråktolkane våre kan meir enn å tolke dagsrevysendingar og regjeringa sine pressekonferansar. Dei kan bistå med tolkeoppdrag på alle arbeidsplassar; på allmøter, i medarbeidarsamtaler og til lunsjpraten rundt bordet. Kven ynskjer vel å vere utanfor når fredagsstemninga kjem sigande til «tokaffien» og alle fortel om planar for helga?

Pandemien har gjort oss alle meir digitale og unge høyrselshemma i utdanning fortel om isolasjon, undervisning på skjerm og forelesninger utan tekst. Visste du at då kan Nav si tolketeneste komme til nytte og forelesningane kan komme til deg digitalt via ein skrivetolk frå Nav?

Synshemma i arbeidslivet kan ha rett til synshjelpemiddel som oppforstørringsprogram, talesynteser, leselister for punktskrift, luper og lese-tv. Vi erfarer og at assistanseordningane for synshemma er lite kjente; lese- og sekretærhjelpsordingane for daglegliv og arbeidsliv, arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse. Lese og sekretærhjelpsordninga i arbeidslivet bidrar til løn til ein assistent eller kollega som kan hjelper til med å lese skriftleg materiale som er utilgjengeleg, og bistår med nødvendig skrivearbeid, beskriv visuell informasjon og arkiverer. Dersom ein har varige forflytningsvanskar eller sterkt nedsett syn og ikkje kan reise til og frå arbeid eller utdanning med offentleg kommunikasjon kan ein søke om stønad til arbeids- og utdanningsreiser. Ordninga inneber at ein får transport med drosje til og frå arbeid eller utdanningsinstitusjon.

Funksjonsassistanseordninga dekker lønsutgifter til ein assistent som kan bidra med praktisk hjelp til ulike større eller mindre gjeremål som av- og påkledning, kopiering, bæring, osv for at vedkommande skal kunne utføre hovudoppgåvene sine i løpet av arbeidskvardagen. Synshemma kan i tillegg få funksjonsassistanse til ledsaging.

Nokre kan oppleve kognisjonsutfordringer etter traume, hovudskader eller hjernerystelse.

Kanskje kan digitale verktøy, skjermar eller appar på ulike måtar som vere med å bidra til betre struktur på arbeidsdag og arbeidsoppgåver.

Det siste året har vist oss at arbeidsoppgåver kan løysast på mange måtar og at både saksbehandling, utviklingsarbeid og leiing kan gjerast frå sofakrok og kjøkenbenkar. Digitalisering og arbeid framfor skjerm utfordrar ergonomi og belastar musklar og skjelett. Det er ikkje reint sjelden vi møter arbeidstakarar med muskel og skjelettplager som har store vanskar med å bruke både tastatur og mus. Når våre rådgjevarar fortel om alternativ betening, skjermtastatur, dikteringsfunksjonar eller bruk av fotmus vert det som regel fulgt av eit «dette ante eg ikkje fantes»

NAV Hjelpemiddelsentral har mykje på lager. Vi er meir enn eit lager av sjukehussenger, talande klokker, rullestolar og dusjhandtak. Vi er ein ressurs å rekne med for at fleire skal kunne komme i arbeid- og for at fleire skal kunne stå i arbeid.