«Brot eller parterapi? Det er uansett viktig at debatten om grensejustering blir løfta fram»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Anita Nybø, Davik.

Brot eller parterapi?

Det er blitt blåst liv i ei gammal flamme, nemleg diskusjonen om å søke Sørsida (Davik og Ålfoten i Bremanger) over til nabokommunen Stad. For det er ikkje noko nytt. Saka har ulma over mange år. Det kan sjå ut til at flammen har fått nytt drivstoff, og det er faktisk ikkje så rart. Engasjementet for til dømes grendeskulane og Klokkartunet er og eit engasjement for å bevare Sørsida og bygdene våre.

Politikk er prioriteringar. Tøffe prioriteringar. Men fremst av alt er det å i vareta innbyggjarane sine interesser og behov. Alle innbyggjarane. Det bør jo og då gjelde for Sørsida, trass i at “der nesten ikkje bur folk”, som ein lokalpolitikar uttalte seg i media, for nokre år tilbake. Det er vel mangelen på å føle seg rettmessig behandla som gjere at somme no teke til orde for at vi ønske å revurdere heile forholdet. Den velkjente “vi må snakke saman” er lagt på bordet.

Frustrasjonen har bygt seg opp over fleire år. Eg er på ingen måte talskvinne for Sørsidarane, men eg tør likevel påstå at i mange tilfelle har ein følt seg tilsidesett, nedprioritert og ikkje lytta til. Med andre ord reine oppskrifta til det som fører til eit brot i eit forhold. Ålfoten skule har fleire gongar blitt sett opp som salderingspost i eit stramt kommunebudsjett, på tampen av året. For deretter, heldigvis, bli redda i siste liten. Klokkartunet har mista si sovande nattevakt på bygget, som skapte usikkerheit hos bebuarane og eit sterkt engasjement av Sørsidarane. Ferja Stårheim – Isane har ved fleire høve vore diskutert om den eigentleg trengst, eller om ferjeavløysingsmidlane heller hadde tent seg best i ytre.

Det er på ingen måte eit forsøk på å lage eit skilje mellom oss og dei; Sørsida mot resten av kommunen. Eg trur vi hadde tent på å bli ei kommune som opplevde meir samhald, at vi alle rekna oss sjølv som Bremangarar. Vi hadde tent på at alle såg kommunen som eitt. Lik teneste og likt tilbod i alle dei kommunale sektorane, til alle innbyggjarane i kommunen, hadde vore ein god start. Eg trur nemleg at løysinga er å sjå at alle delar av kommunen er og skal vere likeverdige. Det betyr at når budsjettet skal leggast, når dei tøffe kampane skal takast – så må alle bli høyrde. Argumenta må vere like mykje verdt. Dei må stå seg like sterkt om det er snakk om å legge ned viktige funksjonar på Davik, i Ålfoten, i Svelgen eller på Hauge. Diskusjonen må føregå på same premiss, sjølv om det er snakk om skulen på Kolset eller i Kalvåg. Det kan ikkje lenger vere eitt sett med argument når saka gjeld Sørsida, deretter avvise argumenta, for så å bruke dei same til fordel for sin eigen heimstad. Då legekontoret på Davik i si tid skulle leggast ned, var det få som talte for viktigheita med å ha eit legekontor nært innbyggjarane. Argumenta som blei brukt i debatten på Sørsida, til dømes om nærleik for dei eldre og lange reisevegar, blei fnyst vekk som dårlege argument. Merkeleg nok, var det dei same argumenta som redda legekontoret på Hauge, då det stod i fare for å bli sentralisert til Svelgen.

For å hindre at ei kommune føler seg delt og splitta, så er det behov for at ein opplever rettferd og lik behandling i dei kommunale sakene. Argumentasjonen og vedtaka må vere like objektive og likeverdige, uansett postnummer til der ein satsar eller legger ned. Det skal ikkje vere forskjell om det heiter Klokkartunet eller Haugetun, Svelgen eller Ålfoten.

Eg veit ikkje kvar diskusjonen om grensejustering til Stad vil ende. Likevel er det viktig at den blir løfta fram. Det er eit klart signal om at det ikkje er greitt slik det er no, og det handlar om så mykje meir enn kvar kommunegrensene skal gå. Sørsida har behov for å bli sett og bli likt prioritert og lytta til, som resten av kommunen. Så vil tida vise om det heile enda i brot i forholdet, eller om det held med ei alvorleg runde med parterapi.


Desse bygdene vil diskutere flytting til nabokommunen

Bygdene Ålfoten, Rugsund og Davik i indre Bremanger snusar på moglegheita til å søke grensejustering til Stad kommune.



Ordføraren om grensediskusjonen: – Eg trur det er lurt at dei tenker over kva dei eigentleg vil oppnå

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) håpar det berre blir med diskusjonen etter at det blei kjent at Ålfoten grendeutval har sett grensejustering for bygdene Ålfoten, Davik og Rugsund på agendaen til eit møte i bygdelaget 2. juni.