«Bevar kontantstøtta for å gje foreldra valfridom til det beste for barnet!»

Dette innlegget er skrive av forbundsleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, Aina Alfredsen Førde.  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Meninger

Dette innlegget er skrive av forbundsleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, Aina Alfredsen Førde.

Bevar kontantstøtta!

Nok ein gang må vi ut og forsvare kontantstøtta. Formålet med kontantstøtta var å gje foreldra ein reel valfridom i omsorgsform for eigne barn.

Det at politikarane ikkje evner å sjå kva som er det beste for barnet er skremmande. Det at likestilling, arbeidslinja og integrering skal vere viktigare enn kva som er best for barnet, og det er snakk om eit år frå barnet er 12 til 23 månader. I ei tid som det vert født færre barn, bør vi ikkje ta vekk valfridomen til foreldra, men heller legge til rette for meir valfridom.

Når forsking frå fleire fagfelt har påvist at den fysiske kontakten mellom mor og barn, amming, fars nærvær og dei banda som barnet knyt til sine næraste dei tre første åra har avgjerande betyding for barnets trivsel, helse og utviklingsmogelegheiter. At små barn i barnehagen har auka stresshormon, og at ved å utsette dei minste barna for vedvarande stress, risikerer ein å stresse dei for livet. Dette burde få politikarane til å tenke seg om

Det å gjere kontantstøtta om til ventestønad fram til ein får barnehageplass passar for nokon, men ikkje for dei foreldra som meiner at barnets beste er det som er viktigast. Politikarane bør evne å sjå at vi er forskjellige, mange foreldre meiner det er for tidleg å sende barna i barnehagen som eitt åringar. Det skal vi respektere!

Argumentet om at mødrer med innvandrarbakgrunn bør komme seg ut i jobb framfor å ta imot kontantstøtte, er og noko vi undrast over. Når vi tar i mot familiar frå andre kulturar, må vi ha respekt for at de har andre måtar å praktisere barneomsorg på, og heller legge til rette med møteplassar og tiltak som vert til det beste for familien. Og kvar er alle disse jobbane for mødrene som det snakkast om?

Kontantstøtta er ikkje ei bakstreversk ordning, men har vore med på å gje foreldra ein valfridom. Ein valfridom som no mange av politikarane vil ta vekk.

Bevar kontantstøtta for å gje foreldra valfridom til det beste for barnet!