«Sjeldan har eg vore so einig i ein leiarartikkel»

Geir Oldeide.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, 1.-kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane valkrets.

Gull til Erling

Må berre oppmode dei som ikkje har gjort det: Les leiarartikkelen i Fjordenes Tidende frå fredag. Sjeldan har eg vore så einig i ein leiarartikkel. Korleis vi prioriterer vegmidlane våre i åra framover er veldig viktig. Og det må prioriterast. Skal vi bygge gigantiske bruprosjekt og fleire motorvegar, eller skal vi satse på oppgradering og vedlikehald av dei vi har, i tillegg til rassikring og gangvegar? Vi kan ikkje gjere begge deler. Vel vi det eine, vel vi i stor grad vekk det andre.



For å seie det litt spøkefullt: Det var nesten som om Erling hadde henta inspirasjon frå Raudt sitt program i denne artikkelen. Raudt sitt program er veldig klart i desse prioriteringane. No kan det vel innvendast at det sikkert er mange fine formuleringar i dei fleste program. Det er jo praksisen som tel. Og Raudt held ord i praksis. Då Fylkesutvalet i Vestland for kort tid tilbake handsama Nasjonal Transportplan var Raudt sylklare på at Vestland fylke burde seie nei til det såkalla Hordfast-sambandet. Eit gigantisk bruprosjekt sør for Bergen som er kostnadsrekna til nærare 38 milliardar kroner! Blir småtteri skipstunnelen der, gitt.

Men fylkesutvalet sa JA til Hordfast. Og kven stemde for? Blant andre Senterpartiet. Gruppeleiar Aleksander Øren Heen står på andre plass for Sp til Stortinget frå vårt fylke og ligg godt an til å få adresse i Oslo frå hausten. Til og med kanskje ein ministerpost. Eg ser på Facebook at lokale Sp-folk er einige med Erling (og Raudt) i denne saka. Kan eg håpe på at dei vil vere med å få meg inn på Løvebakken slik at den RETTE sida også får ein talsmann? Vi treng ikkje berre ei ny regjering – vi treng ny politikk også.