«Går det an å be om litt seriøsitet?»

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide i Kinn Raudt.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide i Kinn Raudt:

Olav Sølvberg syns organisasjonen Ja til reversering skal ta på seg jobben med å lage det framtidige budsjettet for ”Nye Vågsøy kommune”. Han har til og med oppskrifta på korleis det skal gjerast. Eg syns ikkje dette er eit fornuftig forslag.

Dersom, eller skal eg heller seie når, Stortinget seier ja til å oppheve Kinn igjen, så må det velgast nytt kommunestyre for den nye kommunen. Så langt er vi i alle fall einige. Kan vi også vere einige i at det er det framtidige kommunestyret som så skal vedta budsjett og handlingsplan for den kommunen? Og kven som utgjer det nye fleirtalet i eit slikt kommunestyre veit verken Søvberg, eg eller nokon annan. Dersom Høgre, Ap og Venstre skulle sitte ved roret så veit vi både frå dei siste periodane i Vågsøy-politikken og no i Kinn, at økonomistyringa kan bli so som so.

Sølvberg ser ut til å vite kven som kjem til å vere i folkevalde i dette framtidige kommunestyret. Kjekt å ha slike evner. Kva i all verden veit Sølvberg om det? Har han fått med seg kor stor utskifting det oftast er i lokalpolitikken frå ein periode til den neste?

Kvifor kjem Sølvberg med eit slikt forslag/krav? Kan det vere for å antyde at det ikkje kan lagast eit truverdig budsjett for den framtidige Vågsøy kommune? Eg påstår ikkje at det er det Sølvberg antyder. Men om det er slik, så kan han ta det heilt med ro. Dersom kommunen vert gjenoppretta så vil det bli laga budsjett kvart einaste år. Det er nemleg eit lovkrav som må overhaldast av alle kommunar.

Det kan også tenkast at grunnen til Sølvberg sitt utspel er at han meinar den framtidige kommunen blir for lita til å kunne greie seg. Eg høyrer ein del som hevdar dette, men ingen som underbygger det. Det økonomiske grunnlaget for ei kommune er jo sammensatt, men vert i stor grad bestemt av sentrale føringar frå Stortinget. Det er ein del som trengst å endrast og betrast for at KommuneNorge skal få betre driftsgrunnlag. Det vil eg gjerne vere med å endre. Men også dei lokale og naturgjevne føresetningane i den einskilde kommunen har sitt å seie for kor godt vi får til å drifte kommunen og dei tenestene kommunen skal sørge for til sine innbyggarar. Eg trur vi har gode føresetnader i Vågsøy. Minst like gode som dei rundt 185 kommunane som fortsatt vil vere mindre kommunar i folketal enn den framtidige Vågsøy. Eller meinar Sølvberg at Gloppen, Luster, Sel, Vadsø, Averøy, Røros, Austevoll, Frøya, Hareid, Hitra og Nord-Odal er dømt til å bukke under som kommunar? Berre for å nemne nokre.

Og så er det jo slett ikkje sikkert at innbyggarane i framtidige Vågsøy er innstilte på at Vågsøy skal stå åleine. Kanskje vil innbyggarane, dersom dei får bestemme det sjølve, slå seg i lag med Stad eller andre? Den som lever får sjå.