«Sjølv i den heitaste kampen, så har det noko å seie korleis vi pratar om kvarandre»

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.  Foto: Kristian Horpestad

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.

Måten vi pratar om kvarandre betyr noko

I valkampen skal det ikkje bli mangel på basketak og heite debattar. Men sjølv i den heitaste kampen, så har det noko å seie om korleis vi pratar om kvarandre.

Dei siste dagane har satt eit etterlengta søkelys mot hat og personangrep. Ikkje berre rammar det hardt, men det rammar også skeivt. Eg har no vore ute ei vinternatt eller to, men den stormen som fleire av dei engasjerte unge kvinnene må finne seg i kvar einaste dag, det kan vi berre ikkje akseptere. No er det nok.

I samfunnet vårt treng vi alle gode krefter som vil engasjere seg. Da har vi ikkje råd til å ha eit debattklima der argument og meiningsutveksling blir erstatta av hat og hets. Her er det på høg tid med eit oppgjer. Ikkje berre på internett, men også i heimen.

Samstundes kan vi ikkje berre å peike på andre. Som folkevalde, samfunnsengasjerte og rollemodellar må vi også gå i oss sjølv. Orda vi brukar om våre motstandarar har konsekvensar. Måten vi pratar om kvarandre betyr noko.

Vi treng ikkje vere samd om alt. Vi kan gjerne vere knallharde på saka. Men la oss no i det minste vere litt raus på person.

Her er det opp til oss. No er det vi som set standarden.