«Tenk om regionen vår hadde fått stempelet best på inkludering. Vert de med på dugnaden?»

Dette innlegget er skrive av Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre i Hordaland, og Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre i Hordaland, og Olve Grotle, stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.

Vert di bedrift di med på inkluderingsdugnaden?

Å vite at nokon treng deg, at nokon saknar deg om du ikkje møter opp på arbeid, det gjev sjølvkjensle og eigenverd. Dette er noko av det inkluderingsdugnaden handlar om.

Å få lov til å vera i arbeid heng nøye saman med den psykiske helsa.

I dag manglar norsk næringsliv 46.000 arbeidstakarar i forskjellige kategoriar. Mange innan bygg og anlegg. Vi har svært mange gode bedrifter i regionen som ser det som ei av sine oppgåve å vera med på at fleire skal få lov til å ha ein meiningsfylt kvardag, ein jobb å gå til. Dette er eit fellesprosjekt som bidreg til verdiskaping i samfunnet, det bidreg til mangfald på jobben og ikkje minst gjev det alle som vil og kan gjera ein god jobb høve til å meistre.

Bedriftene må gjerne legge litt ekstra til rette, arbeidstakaren må gjerne tøye eigne grenser, men i fellesskap vil vi få gode arbeidstakarar som gjer våre arbeidsmiljø rikare, både i møte med bedrifta sine tilsette og eventuelle kundar. Mangfald løner seg, og kundar veit å setje pris på det.

Likevel veit vi at det krev litt ekstra å bli med i denne dugnaden, og difor er det lagt litt ekstra til rette. NAV stiller med topp kompetanse for å følgje opp bedrifta og den tilsette, og kvart fylke har ein eigen marknadskontakt. Det vert gjeve lønstilskot og det vert gjeve høve til opplæring for å kvalifisere seg til arbeidsoppgåvene.

Så då er spørsmålet: Kunne di bedrift tenke seg å gjere som Fjærland Fjordstove Hotell, Bilfinger Årdal, BB Gruppen, Spenst Førde, Sacco of Norway AS, Vest Vei og anlegg AS, og mange andre bedrifter langs heile det langstrekte fylket vårt har gjort? Få til eit meir forpliktande samarbeid med NAV om rekruttering av personar som har «hol i CV-en»? Vi kan garantere krevjande stunder, men også ein meir mangfaldig arbeidsplass, med toleranse og aksept for at også dei som fell utanfor skal få ein ny sjanse. Det kan vera personar med nedsett arbeidsevne, psykiske helseplager eller rusproblem. Vi veit at det er ei stor auke av unge som rapporterer om psykiske plager. Dette kan vera starten på eit utanforskap som kan vare livet ut. Har ikkje vi som samfunn råd til det?

Å få vera i arbeid kan vera helsefremjande. I inkluderingsdugnaden er det eit eige innsatsområde knytt til personar med spesielle utfordringar. I staden for å tenke at folk må vera tilnærma friske før dei er aktuelle for arbeidslivet, inneber oppfølgingsmodellen individuell jobbstøtte (IPS) og HelseIArbeid, at man får oppfølging frå helsetenesta og jobbspesialister i NAV. Dette arbeidsmarknadstiltaket har god effekt på overgang til ordinært arbeid. I 2021 set regjeringa derfor i gang et forsøk med IPS Ung for yngre arbeidstakar med tidleg og samtidig hjelp frå NAV, helse og skule.

Vi er heilt avhengige av at bedriftene er med og gir folk ein sjanse. Derfor må vi få med endå fleire bedrifter. Tenk om regionen vår hadde fått stempelet best på inkludering. Vert de med på dugnaden?