«Ordføraren i Kinn må velja seg eit anna folk»

Dette lesarinnlegget er skrive av Edmund Kvåle.   Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Edmund Kvåle.

Ordføraren i Kinn må velja seg eit anna folk

Det var med interesse eg venta på ordføraren si vurdering av den siste meiningsmålinga. Fleirtalet vil ikkje ha dagens vanskapte Kinn kommune.


– Jeg tror det var riktige grep vi gjorde, den gangen vi ønsket å bygge en sterk kystkommune

Det er det brennende ønsket om en sterk kystkommune som gjør at ordfører Ola Teigen (Ap) vil slåss for kysten og Kinn, selv om undersøkelsen til Ja til reversering viser at et flertall av innbyggerne ønsker å løse opp kommunen.


Han vil kjempe for ei styrking av kysten sin sin innverknad på styringa av landet. Det er hans fulle rett og eit aktverdig føremål, eg støttar han i det. Men ein må vera i takt med folket. Sterkt samarbeid på kysten kunne ein få til på andre måtar, kommunane kan samarbeide om representasjon og oppgåveløysing, interkommunalt samarbeid vert det kalla. Det får dei til andre stader utan å slå saman kommunane mot folkefleirtalet, og innbyggjarane opplever at dei blir høyrde på og respekterte.

Når ein ser på denne vanskapte kommunen, må ein fundere på kvifor Bremanger ikkje ville vera med, kvifor ville ikkje Askvoll slå seg saman med Flora, og kvifor ville ikkje Førde slå seg saman med Flora (ein god halvtimes køyring unna)? Det er nok gode grunnar for det. Men mest av alt må ein undra seg over at nokon kunne tru at dette kan bli ein rasjonell kommune å driva med to kommunesentra. Og skal ein kommune kunna produsere gode tenester til innbyggjarane sin, må ikkje pengane gå med til unødvendig administrasjon og reiseutgifter, jf. rekneskapen for 2020.

Ordføraren meiner kommunen er komen godt i gang og nemner at utbyggjinga på Kulatoppen, og arbeidet med ny Skram skule er døme på Kinn kommune sitt gode arbeid, men han gløymer visst at dette skulle no løysast i alle fall. Eg kan ikkje sjå at Kinn kommune har noko ære for desse prosjekta. Men han gløymer å nemne at kjøkkentenesta skal flyttast til Florø , for ikkje å nemne saka om eigedomsskatt, Kinn kommune er godt i gang. Vil ikkje ordføraren ta æra for dette då?

Til slutt prøver ordføraren å skreme med « kva vil skje etter ei oppløysing av kommunen?» Ordføraren kan ta det heilt med ro, det finst fleire gode løysingar når fleirtalet av innbyggjarane får vera med å bestemma.

Bertolt Brecht opplevde i 1953 at styresmaktene ikkje ville høyre på fleirtalet i folket sitt. Då skreiv han diktet «Die Løsung». Hans råd til styresmakten var då: « løys opp folket og velg eit anna folk!»

Styresmaktene tok ikkje poenget frå Brecht og det er vel liten grunn til å tru at dei vil gjera det i Kinn heller. Men då har folket høve til å seie si meining i september. Kommunestyret er som det er fram til neste kommuneval, men eg lever no i den trua at det blir regjeringsskifte til hausten og då trur eg nytt kommuneval for vår del kan koma relativt kjapt.