«Tennene er ein del av kroppen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, 1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane, Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane og Stephan Øren, 3. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane.  Foto: Raudt

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, 1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane, Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane og Stephan Øren, 3. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane.

Tennene er ein del av kroppen

I Noreg skal du få god og likeverdig helsehjelp uavhengig av kva kontoen seier. Ja, om ikkje det gjeld tennene dine då. For tannlegebesøk er dyrt, noko som har ført til at ein av tre har droppa tannlegebesøket (Opinion for Dagsavisen). Folk med dårleg råd har vesentleg dårlegare tannhelse enn dei med god råd.

Arbeidsledige, uføre og studentar ligg over landssnittet blant dei som seier at dei har eit udekka behov for tannbehandling. Svært mange av desse oppgjer dårlig råd som årsaka. Tennenes klasseskilje er med på å forverre Forskjells-Norge.

Fleire parti snakkar om at tannhelse må behandlast som andre helsetenester, men lovnadane vert ikkje følgt opp med tiltak og pengar. Raudt er lei av at tannhelse vert snakka om før val utan at det skjer noko etterpå. Vi meiner alvor når vi seier at tennene er ein del av kroppen, og Raudt er det partiet som har foreslått klart mest til tannhelse i budsjetthandsamingane i Stortinget dei siste åra. Raudt vil gjere gratis tannhelse til ein vinnarsak for venstresida i valet.

Ei tannhelsereform kan bli vår tids store reform for like helsetenester for alle. Det er viktig å sikre at stortingsvalet ikkje berre blir eit regjeringsskifte, men også eit politisk retningsskifte - eit vendepunkt i kampen mot Forskjells-Norge.