«Å sikre innbyggjarane gode helse- og utdanningstenester er eit politisk ansvar»

Reidun Stavland, fylkesleiar for Norsk Sykepleierforbund Vestland.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Steinar Strømsli, fylkesleiar for Utdanningsforbundet Vestland og Reidun Stavland, fylkesleiar for Norsk Sykepleierforbund Vestland.

Kjære Bjørn Arild Gram

Du er leiar for KS sitt styre. Dette vervet gjev deg eit særskilt politisk ansvar for utdanninga til dei som veks opp, og for helsetenesta til innbyggjarane. Sjukeheimar, helsestasjonar, skular og barnehagar er institusjonar vi eig i lag, men KS forvaltar – på vegner av alle kommunane – kva som skal vere lønns- og arbeidsvilkår for de i tilsette. I kraft av ditt politiske leiarverv spelar du ei særs viktig rolle i å utvikla og styrke tenester som vi treng.



I desse dagar er Unio i streik. Vårt krav er logisk og enkelt; ei lønn for sjukepleiarar og lærarar som kan løyse rekrutteringsutfordringane. Det er for få av oss. Med dagens lønnsnivå får ikkje kommunane rekruttert. Resultatet er dårlegare tenester. Vi kan ikkje akseptere at den tenesta vi skal gi innbyggjarane, ikkje har den minstekvaliteten som er fastsett i lov. Vi treng fleire med kompetansen som krevst for å gi eit forsvarleg tilbod. Det hastar.

Arbeidsdagane våre er utfordrande. Det likar vi. Men vi likar dårleg dei utfordringane som skuldast at vi er for få med den rette kompetansen. Og vi likar endå dårlegare at situasjonen berre varar år etter år, og i mange høve blir verre. Situasjonen er at det manglar tusenvis av sjukepleiarar og lærarar i kommunane.



Kompetanse kostar. Å sikre innbyggjarane gode helse- og utdanningstenester er eit politisk ansvar. Skal kommunane få til det, må lønna opp. Likevel gir KS oss eit lønstilbod som ikkje vil føre til noko betring i denne situasjonen. Lærar- og sjukepleiarmangelen vil halde fram. Derfor spør vi deg, Bjørn Gram: Kva er den politiske leiinga i KS sin plan for å få tak i kompetansen som manglar?

Hovudstyret i KS speglar resultatet av lokalvalet i 2019. Alle stortingspartia med unntak for Raudt og MDG, er representerte. Det er de som har ansvaret. Den alvorlege rekrutteringssituasjonen kan berre avhjelpast gjennom politisk vilje og politisk handling. Politikarar som heilt overlèt vanskelege politiske avgjerder og forsvaret av dei til administrativt tilsette, byggjer ikkje tillit. Og snart er det stortingsval.