«Lat oss gje dei som steller på gravplassane ei rose i staden for kaktus»

Gravplassen ved Ervik kyrkje (illustrasjonsbilde).  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johanne Nilsen frå Leikanger på Stadlandet.

Tilbakeblikk

Eg likar meg ikkje i det offentlege rom, men i dag må eg gjere meg til talskvinne for noko eg fekk meg fortalt.

Eg gjekk på kyrkjegarden for å sjå til ein gravstad, då eg tilfeldig kom i prat med to karar som nett var ferdige med ein viktig jobb for dagen.

Det hadde vore gravferd. Eg skrytte uhemma av kor nyslått og fint stelt det var på heile kyrkjegarden. Det var som ein nyklipt park.

Dei svara meg at «det er gjerne fleire som seier det same som du, der og då, og det set vi stor pris på, men når det kjem i media at jobben vi gjer er kritikkverdig, då blir vi både skuffa og litt varme under bringa».

Dei føler seg urettferdig behandla.

Dei tilsette folka våre er flinke og samvitsfulle, og dei tek arbeidet sitt svært alvorleg.

Eg bur slik til at eg ser at dagen deira ikkje er over når klokka er der.

Lat oss som har lett for å kritisere, heller gi dei ei rose, i staden for kaktus.

Kyrkjegarden vår var så vakker, og tenk på kor fint eit minne gravfølget fekk midt i sorga.