«Dagens praksis er ikkje god nok. Streikeretten må styrkast»

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.  Foto: Jostein Vedvik

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.

Dagens praksis er ikkje god nok. Streikeretten må styrkast

Utfordringane rundt streikeretten er ikkje ny. Langt der i frå. Men ein ting har blitt krystallklart i løpet av dei siste to vekene. Om vi skal sikre den reelle streikeretten, så må vi jobbe fram ei systematisk endring.



Dei siste åra har eg fått jobbe med mykje givande som tilsett i LO. Noko av det mest meiningsfulle har likevel vore å besøke lærarar og elevar i Sogn og Fjordane for å sette søkelyset på innhaldet i det organiserte arbeidslivet, med alt av både rettar og plikter.

Spelereglane i arbeidslivet betyr noko. Sjølv om det er mange politiske representantar som har knurra i affekt om kor unødvendig og negativt det er for samfunnet vårt at arbeidsfolk i dei ulike yrka kan gå til streik, så viser historia at dei tek feil. Grundig feil.



I andre land der streikeretten står svakare, gir det ikkje berre dårlegare arbeidsvilkår og liv for dei som bur der, men det svekkjer også produktiviteten. Mangel på medverknad har konsekvensar. Det må vi ta på alvor. No er det behov for å endre kursen.

Noreg får i gjenteke høver kritikk av ‘Den internasjonale Arbeidsorganisasjonen’ (ILO) for brot på streikeretten ved bruk av tvungen lønnsnemnd. ILO har lenge bedt regjeringa diskutere med partane korleis ein kan ha betre system for å sikre ein reell streikerett.

Kjernen i kritikken frå ILO er at eit tilfelle av fare for liv og helse ved, for eksempel, eit forbrenningsanlegg ikkje skal stanse ein streik med 22.000 streikande lærarar og sjukepleiarar.



Ei minimumsordning der ein avlyser streiken på den enkelte arbeidsplassen som ein meiner utgjere fare for liv og helse skal vere fullt mogleg, etter framlegg frå ILO. På den måten kan liv og helse sikrast på same tid som vi held fast på streikeretten.

Vi treng eit betre system for å avklare grunnlaget for påstandar om liv og helse før ei eventuell avgjersle om tvungen lønnsnemnd kjem opp til statsrådens bord.
Dette er grunnen for at vi fleire gonger på stortinget har foreslått at ILO’s kjernekonvensjonar skal innlemmast i menneskerettslova.

Eit slikt vedtak vil styrke streikeretten og gje organisasjonane ein reell moglegheit for å prøve ut tvungen lønnsnemnd eller anna statleg inngripen i domstolane. Til no har Høgre og FrP gjort alt dei kan for å stemme dette ned, men slaget er langt frå over.

Sjølv om streiken er ferdig for denne gong, så er det ingen tvil om at utfordringane framleis ligg framfor oss. Her må vi jobbe på lag med alle gode krefter for å sikre den reelle medverkinga til dei tilsette. Vi har mykje å ta tak i, men ein ting er sikkert:

Dagens praksis er ikkje god nok. No må vi jobbe for at streikeretten blir styrka.