«Ordførar, la oss få Sidsel tilbake der ho høyrer til»

Dette lesarinnlegget er skrive av Jón Valur Ólafsson, Kinn SV.  Dette bildet av ordførar og varaordførar er frå 2019 då ein ikkje einmeters- og tometersreglar.   Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jón Valur Ólafsson, Kinn SV.

Ordførar, la oss få Sidsel tilbake der ho høyrer til

Eg har registrert at du sidan koronapandemien slo inn har skjøvet varaordføraren frå deg under kommunestyremøta. Eg forstår sjølvsagt at dette gjerne var «naudsynt» i det første fysiske kommunestyremøtet vi hadde i fjor sommar, etter pandemiens digitalisering av det politiske Norge. Då antakelig på bakgrunn av at ordstyrarbordet ikkje var langt nok, og ikkje tok omsyn til godt smittevern osv..

Men eg kan ikkje forstå at det skal være nokon som helst grunn til det i dag. Ein har hatt eit og eit halvt år på å tenke seg fram til moglege løysingar, eller gå til anskaffing av utstyr som gjer det mogleg å lage eit lengre og meir «smittevennlig» ordstyrarbord.

Det er til dømes mogleg å skaffe pleksiglas som deler sitteplassane ved ordstyrarbordet. Ein kan skaffe eit større platå under ordstyrarbordet. Eller rett og slett flytte heile ordstyrarbordet opp på scena i festsalen. I Kinn skal vi vere løysingsorienterte, ikkje bakstreverske.

Det kan ikkje vera anna en naturlig å legge til rette for at varaordføraren har sete ved ordstyrarbordet i eit kommunestyre. At ordførar og varaordførar sit side om side vil både forenkle, og bidra til ein meir smidig møteavvikling. Ein vert utvilsamt lettare lagt merke til når ein ber om ordet, og ikkje minst i replikkordskiftet.

Ordførar sin deltaking i ordskiftet vert også forenkla dersom varaordføraren har sete ilag med ordførar, og kan dermed omgåande tre til som ordførar, når ordføraren sjølv har innteke talarstolen. Vi har sett nokre døme på at ordførar deltek i ordskiftet utan at varaordførar trer inn. Dette er ikkje heldig, og går på tvers av vårt eige møtereglement.

I kommunestyret på tysdag vart nokre av desse utfordringane konkretiserte av Høgre sine representantar, Myrvollen og Hagen. Det meindf eg understrekar at det er fleire representantar, frå ulike parti som deler mitt syn.

Eg vil elles nytte høvet og gratulere ordføraren, og heile Kinn, med eit vel gjennomført kongebesøk. Det var kjekt!

God sommar.