«Gunn Sande har rett når ho seier at tannlegestrukturen i Nordfjord var lagt før kommunestrukturen»

Trude Brosvik Krf Trude Brosvik Krf  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Trude Brosvik, gruppeleiar KrF og 2.-kandidat til stortinget.

Langt til tannlege

Gunn Sande har rett når ho seier at tannlegestrukturen i Nordfjord var lagt før kommunestrukturen (Fjt 19.06.21). Og at det er langt Stadlandet til Måløy. Frå Stadlandet til Måløy er det 61,5 km og berekna køyretid 63 min. I alle fall er det det som står som svar i eit spørsmål eg hadde i fylkesutvalet 1. juni.

For «akseptabel avstand», som ligg til grunn i strukturplanen for tannhelse, så er det 1 time eller 50 km som gjeld.

Derfor tok KrF opp, støtta av MDG, eit tilleggspunkt på Fylkestinget i saka om tannbehandling til prioriterte grupper, som er slik: "Fylkestinget ber om å få greidd ut kjøp av tannlegetenester til prioriterte grupper frå lokale private tannlegekontor på stader med urimeleg lang reiseveg (1 time / 5 mil) til tannlege, og der slikt kjøp kan gjennomførast utan at næraste offentlege tannlegekontor vil kome i fare for nedlegging."

Dette framlegget vart vedteke.

Om dette vil hjelpe Stadlandet, er kanskje usikkert, for der er neppe private tannklinikkar nærare enn Måløy eller Eid. Men kanskje er det greitt å ta opp att spørsmålet om at den offentlege tannklinikken skal vere bemanna nokre dagar i veka frå Eid eller Måløy, slik at prioriterte grupper slepp så lange reiser? Eller ein annan ide som vart lufta frå Sp i ei anna sak; kanskje det offentlege tannlegekontoret kan leigast ut til ein privat tannlege?

Det er ikkje tvil om at å ha teneste på staden er viktig for dei som treng det, og at det også er viktig for at vi skal drive utviklingsarbeid og gjere det attraktivt på bu på bygda. Kvar teneste argumenterer med at du berre treng dei ein sjeldan gong, og då må du kunne reise ein god time for å nå dei. Men når summen av desse tenestene blir stor, så går det jammen mange arbeidsdagar på denne måten. Og det er denne summen som er tung for folk som bur i utkantane.

KrF er i alle fall villige til å sjå på kva som finst av mogelegheiter for at fylket sine tenester skal vere både nære og yte god kompetanse. Og glad for at fleirtalet på fylket (Ap og SV stemte mot) støtta framlegget vårt, slik at vi i alle fall får greidd ut saka.