«Innan få år vil 21.000 lærarar ikkje lengre få lov til å undervise i faga sine»

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat i Sogn og Fjordane, og Karianne Torvanger, leiar for opplæringsutvalet i Vestland.  Foto: Arbeidarpartiet

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat i Sogn og Fjordane, og Karianne Torvanger, leiar for opplæringsutvalet i Vestland.

Torbjørn og Karianne støttar lærarane – avskiltinga må stoppast no!

Innan få år vil 21 000 lærarar ikkje lengre få lov til å undervise i faga sine. Bakgrunnen for denne avskiltinga er eit krav om oppdatering av den formelle kompetansen. Dette vil Torbjørn Vereide og Karianne Torvanger sette ned foten mot.

Avskiltinga er ei mistillit til lærarane. Når nokre av dei politiske miljøa pratar som at lærarane på skulane ikkje er gode nok, så er det forståeleg at dei tilsette reagerer. Ikkje minst etter det hardkøyret som lærarane har stått i den siste tida.

Her pratar vi om nokon av dei mest erfarne lærarane i skulen som har fleire tiår med erfaring i klasserommet. Vi pratar om 21 000 lærarar som allereie har ei lærarutdanning. Det er dei som dagens regjering ønskjer å tvinge ut av skulen om fire år.

Dette gjeld mange i våre trakter. Det er lenge sidan vi fekk møte ein av norsklærarane her som no står i fare for å bli pressa ut. Det understreka berre galskapen. Når lærarar som har så gode resultat blir foreslått tvangspensjonert før ein får feira 55-årsdagen, når vi står i midten av ei lærarkrise, så er det ingen tvil om at vi må sette ned foten.

Så skal vi sjølvsagt sikre at flest mogleg får sjansen til å etter- og vidareutdanning. Men det kan ikkje vere kvar enkelt arbeidstakar som i denne saka som skal måtte stå skulerett. Her må ansvaret flyttast frå den enkelte læraren slik at det blir arbeidsgivar som får ansvaret.

Vi treng fleire lærarar. I 2021 har vi teke kampen for å tilsette 1000 nye lærarar. Samstundes har vi ved gjenteke høve teke kampen for å sikre meir peng til kommuneøkonomien som kunne utgjort ein stor forskjell for fleire av dei lokale skulane våre.

Samstundes er det ingen tvil om at vi må gjere mykje meir. Det tykkjer vi har komen tydeleg og konstruktivt fram igjennom heile lærarstreiken. Det handlar om både arbeidsvilkår og skulekvardag. Det som vi har behov for i skulen vår no er konkrete tiltak som sikrar at fleire ønskjer å jobbe som lærar.

Her må vi også legge til at det er på høg tid at vi både får styrka rettsvernet til læraren i paragraf 9A, og at vi får rydda bort litt av dei unødvendige rapporteringskrava som ein har i skulekvardagen. Læraren må få bruke tida si på å vere lærar.

Lærarkrisa er reell, og då må vi jobbe på lag med lærarane og alle dei tillitsvalde når dei gir oss beskjed. Avskilting av 21 000 dyktige lærarar er ikkje løysinga. Snarare tvert i mot.

Det må vi ta på alvor: Det lærarane spør etter no er tid og tillit til å gjere jobben sin. Tida for applaus er over. No treng vi ein politikk som jobbar på lag med lærarane!