«Vi må fortsette å løfte lærarane og lærarutdanninga i åra som kjem»

Stortingskandidatar for Høgre: Elisabeth Hatlenes og Olve Grotle svarer på Senterpartiet sitt innlegg om lærarmangel.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Olve Grotle og Elisabeth B Hatlenes, stortingskandidatar for Høgre.

Høgre i regjering gjennomfører eit stort lærarløft som gir lærarane både eit fagleg løft og eit statusløft

Denne regjeringa gjennomfører eit enormt lærarløft for å fylle klasseromma med kvalifiserte og fagleg oppdaterte lærarar. Lærarløftet har heldigvis ikkje gått på kostnad av kvalifiserte lærarar. Sidan 2014 har det blitt meir enn 4500 fleire kvalifiserte lærarar i skulen, og lærartettleiken er den høgaste på 11–12 år. SSB sine framskrivingar viser no også eit potensielt overskot av alle lærarar fram mot 2040.

I eit innlegg i Sogn Avis og Fjordenes Tidende skriv Senterpartipolitikarane, Marit Knutsdatter Strand og Erling Sande, at Norge har ein betydeleg lærarmangel og at dei “fryktar at dette problemet vil auke i åra som kjem, basert på tre vedtak som regjeringspartia har gjort”. Dei trekk fram fleire av dei viktigaste satsinga i regjeringa sitt Lærarløft, nemleg krav om 4 i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga, endring frå fireårig utdanning til femårig mastergrad for lærarar, og innføring av kompetansekrav for lærarar. “Disse vedtaka er ille nok kvar for seg, men i sum kan dei bli eksplosive”, skriv dei to Sp-politikarane. Men argumenta deira held ikkje mål og må oppklarast.

Etter innføring av krav om 4 i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga, har vi fått fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanninga og fleire studentar som gjennomfører lærarutdanninga. I 2020 blei 2095 lærarar ferdig med utdanninga si, noko som er det nest høgste talet nokosinne, berre slått av året før. Ein rapport frå forskingsinstituttet NIFU peikar på at strengare opptakskrav bidreg til at studentar med høgare gjennomføringsevne søker seg til lærarutdanningane. Nye tal viser også at langt fleire fullfører studiet på normert tid etter endringa, heile 7 prosentpoeng samanlikna med kullet før. Det betyr fleire lærarar i andre enden av studiet, og det er sjølvsagt mykje viktigare at fleire studentar gjennomfører lærarutdanninga enn at flest mogleg kan søke på utdanninga. Det er altså ingenting som tyder på at krav om fire i matematikk vil bidra til ein lærarmangel, snarare tvert imot.

Ved å gjere lærarutdanninga om frå eit fireårig til eit femårig utdanningsløp gir vi komande lærarar både eit fagleg løft og eit statusløft. Lærarane får meir kompetanse både i fag og didaktikk, og meir utdanning vil resultere i høgare løn. Meir utdanning betyr noko for lærarane, og det betyr noko for elevane. Det er likevel riktig at det blir færre uteksaminerte lærarar i eitt år (2021) fordi utdanninga har blitt eitt år lenger.

Høgre i regjering har også innført kompetansekrav i norsk, matematikk og engelsk fordi vi meiner at det er viktig at lærarar i desse faga har nok fagleg fordjuping. I desse faga lærer elevane grunnleggande ferdigheiter dei treng for å klare seg i alle andre fag, og vidare i livet. Prinsippet bak kompetansekrava er enkelt: Vi meiner utdanning betyr noko. Difor vil vi at matematikklærarar skal ha utdanning i matematikk, norsklærarar i norsk og engelsklærarar i engelsk. Foreldre skal vere trygge på at elevane blir møtt av lærarar som har fagkompetanse i desse faga. Krava er at lærarane på barneskulen må ha minst 30 studiepoeng i engelsk, matematikk og engelsk dersom dei skal undervise i desse faga. På ungdomsskulen må lærarane ha minst 60 studiepoeng for å undervise i dei same faga. Når krava trer i kraft frå 1. august 2025, vil lærarane ha hatt 10 år på seg til å fylle på med tilstrekkeleg fagleg fordjuping. Det er skulane og kommunane sjølv som har ansvaret for at lærarane i kommunen oppfyller kompetansekrava. Sidan 2014 har 47 000 lærarar fått tilbod om etter- og vidareutdanning, og fleire vil få det i åra som kjem. Men det er viktig at lærarane som framleis ikkje oppfyller krava søker etter- og vidareutdanning og at kommunane prioriterer dei som treng meir utdanning i norsk, engelsk og matematikk.

Vi må fortsette å løfte lærarane og lærarutdanninga i åra som kjem. Alle elevar fortener å møte kvalifiserte og fagleg oppdaterte lærarar i sitt klasserom. Men det er ein grunnleggande feilslutning å tru at barna får betre undervisning og at det blir fleire lærarar ved å senke ambisjonane for lærarutdanninga.

Medan Høgre har ambisjonar for kunnskap og kvalitet i skulen, og set krav for lærarane sin utdanning og kompetanse, vil Senterpartiet svekke alt dette. Derfor står kunnskapsskulen på spel ved eit eventuelt regjeringsbytte.